Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Folketomt silkeføre på Vassfjellet

Date:
04.03.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:30h
Distance:
20.0km

Vassfjellet er det høgastliggande bynære fjellområdet i Trondhjæm's umiddelbare nærleik. I dag rusla eg på fjellskia over pudder og italiensk marengs Mary Berry verdig. Likevel var det omtrent folketomt. Milde måne kor vakkert dette var! Dette må vere noko av det finaste ein kan gå på fjellski kring byen. Bortsett frå alpinistane på skitrekket traff eg berre ein person oppe på fjellet, og det var ei dame frå Sunnmøre. Trønderen er kanskje så interessert i skigåing at dei sit inne og ser på at andre går på ski?

Map    

Vinterferie i Gjevilvassdalen

Date:
23.02.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Orkdal: Jamtfjellet og Svartfjellet

Date:
19.02.2017
Characteristic:
Jogging
Duration:
2:00h
Distance:
13.0km

Uværstur til Songdalen for litt trim og listefyll. Friske kast på parkeringa, men la i veg opp mot det eg trudde var Jamtfjellet sitt høgste punkt. Etter ein del snøv, myr og generelt våt stemning skreiv eg meg inn i boka 40 minutter etter start. Her var det ein del vind, for å seie det slik. Eg tenkte at det var jo greit å ta med sidetoppen også medan ein var på veg, og svinga innom denne på vei tilbake til bilen. Godt var det, for dette er merka av som høgste punkt på kartet. Eg meinar bestemt at den såg lavare ut, og det meiner tydelig vis dei som har sett ut boks og bok også (utan at det gjer ein så mykje meir klok - Trønderar er som kjent ikkje så sterke på dette med høgste punkt (har eg budd for lenge i Trøndelag? Byrjar toppinstinktet mitt og svikte??)). Boka står >>>

Map     2 comments

Kveldsclogg på Øysand del II

Date:
12.02.2017
Characteristic:
Ice climbing
Duration:
3:00h

Æss, kva skal ein gjere på ein søndagskveld. I morga kjem mildværet, og kven veit - kanskje blir det ikkje meir is i Trondheimsområdet denne sesongen? Vi er allereide midt i Februar. Så enda eg på samme tappen som i går kveld. Fint det. Meget fin tapp. Det gjeld å få logga meter!

Map    

Kveldsclogg på Øysand

Date:
11.02.2017
Characteristic:
Mixed climbing
Duration:
3:00h
Map    

Snillfjord: Gråurda

Date:
29.01.2017
Distance:
12.1km

Det er berre og selge isklatreutstyret med det same. Det blir ikkje is lenger i norge. Det grøne skiftet - kvitt til grønt, er i full gang. Kulturministeren lanserar kunstsnø som det neste store miljøtiltaket. Kva skal ein gjere på slike januardagar der kvikksølvet dansar langt over frysepunktet? Man kan jo ta seg ein kystnær fjelltur så klart. Gråurda har eg jo tenkt på ei stund. Det er så fint og springe ute på dei slette kystfjella. For sikkerheits skuld tok eg med fjellskia, og sannelig såg det ikkje ut som det låg ein del snø i høgda. Eg tok skia i handa det første stykket, og spente dei på når eg kom litt oppi dalen. Her var det svært flekkvis og knallhardt føre. Fellane, som var kjøpt på Straumane Sport i 1996, og sist brukt lenge før Bush Jr. rykka inn i kontora, >>>

Map     4 comments

Motbakketrening på Vassfjellet

Date:
17.01.2017
Duration:
1:12h
Distance:
5.2km

Heiv på meg randoskia og fellane for å få litt trim medan junior er på barnehagetesting. Tanken var å gå opp skisenteret og derifrå til toppen. Dette gikk bra til toppen av skisenteret. Her var det surt, skodde og generelt lite farbart vidare. Snudde nedatt og heldt på å tryne i den grøne løypa. Slalåm-teknikken må nok oppfriskast igjen.

Map    

Midtvinters på Kongsvollfossen

Date:
15.01.2017
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
8:30h

Det var på tide å få hakke litt is igjen. Etter litt sondering i omgangskretsen fikk eg napp hjå Morten Tvedt, som har flunkande ferskt isklatreutstyr. Han hadde klatra nokon gongar i fjord, men beskreiv seg ellers som nybyrjar. Kongsvollfossen hadde han hatt lyst å klatre lenge, så det måtte det jo bli ei ordning med! Etter å ha køyrt oss vill i vegvesenet sine omkøyringsmoglegheiter på E6’en var vi endelig på veg ut av byen litt før 7, og klar på parkeringa 2 timar etter. Det var overraskande lite snø i Drivdalen, så skredfaren skulle ikkje vere eit problem. Fossen hang flott oppe i fjellsida, og alle hjerter gleda seg! Termometeret viste 7 blå, og ein sur vind gjorde det reint friskt på parkeringa. Eg pakka innleggssålar i dei nye isklatreskoa mine for å vere sikker på >>>

Map    

Pulktur til Elgsethytta

Date:
14.01.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:00h
Distance:
7.0km
Map    

Pulktur til Elgsethytta

Date:
07.01.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:00h
Distance:
7.0km
Map