Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Løkeberget

Date:
31.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Buldring på Flø

Date:
30.07.2016
Characteristic:
Bouldering
Map    

Fladalen walkabout

Date:
28.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:12h
Distance:
19.8km

Dagen i dag mangla ikkje vidløftige planar. Men det mangla heller ikkje skodde. Alle Laurdalskremtoppane stod med hovudet i skyene, så man måtte sjå seg ikring etter lavare mål. Tua hadde ikkje skodde, så det fekk bli treningstur og litt jobbing på Eidalista her i staden. Greit opp til Tua. Nokon hadde gått amok med T-merkinga, og sti og merking var ikkje alltid like enkel å følge. Ein time til topps og halvtime tilbake til bilen. GPS-sporet NED frå Tua føl stien. Opp gjekk eg feil både her og der. Ved bilen var leggar og lår framleis friske. Eg hadde heile dagen til å gå på fjellet, så eg sprang avgårde mot Kvitegga og Hattemakaren. GPS-sporet må på ingen måte følgast, for dette var stort sett gaupeterreng. Eg anbefalar på det varmaste å angripe desse fjella frå ein >>>

Map    

Skoddesafari på Hesten

Date:
26.07.2016

Hesten er eit fjell eg har beundra frå vindauget på Orheim sidan eg var liten. Den har stått på blokka lenge, men det var ikkje før i år at vi gjorde alvor av turen. Veka før var det knallvær, men først i dag fekk eg og Kroksleiven avløysarar frå hhv. kids og frifjøs. Når det er sagt, er navngjevinga på Hesten eit svært kontroversielt emne. Debattane er ofte prega av kjensler. Eg meiner derimot det heile er logisk: fjellet liknar på ein hest, med baken på hovedtoppen og hovudet på Høgefjellet. Navnet Bukkenibba heng difor ikkje på greip. Kroksleiven kallar Gjegnen for Hesten, og Hesten for veslehesten. Med all respekt så liknar ikkje Gjegnen på ein hest. Og Hesten liknar ikkje på ein liten hest. Sånn. Då håper eg at den debatten er lagt død. I alle fall. Det var ikkje >>>

Map    

Svake prestasjonar på beachen

Date:
24.07.2016
Characteristic:
Sport climbing
Map    

Moltesafari i Orheimsfjella

Date:
23.07.2016

Map    

Hjelmelandsvarden

Date:
22.07.2016
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.7km

Map    

Dua

Date:
20.07.2016

Fantastisk vær på sommarferie i Nordfjord. Rykta sa at Dua i Kjølsdalen var eit fint turmål for å lufte familien. Det stemte bra. God stemning opp bakkane både hjå liten og stor. Fantastisk utsikt frå toppen. Eg gav Eskil eit lynkurs innan modulen "Toppar i Bremanger". Diverre var sjølve toppen 100 meter lenger borte enn varden, så det er fristande å seie at denne turen var bortkasta. Men den kjendest fin allikavel, merkelig nok.

Map    

Lundavarden rett opp og ned

Date:
19.07.2016
Characteristic:
Jogging
Distance:
7.7km

Treningstur til Lundavarden, bra motbakke for å køyre leggar og lår både opp og ned. 1 time opp, halvtime ned.

Map    

Orkdal: Vargheia med Eskil

Date:
12.07.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
1:48h
Distance:
5.5km

Eskil hadde lenge masa om at vi måtte kome oss på nokon av dei fine kysttoppane i trøndelagsregionen. Presset vart ikkje mindre etter myrfadesen på Kjerringklumpen tidligare i vår. Sidan pappapermen nærmar seg med små og store skritt nytta eg mi akademiske friheit (og svært lite å gjere på jobb i dag) til å iverksette ei lita pappaperm-generalprøve: Mamma stakk på kafé, og vi to andre pakka sekken med retning for den tøffe heia (?) Vargheia. Første hindring var at eg gløymde bæreselen, og eg fekk ikkje snu før Tiller. Men SÅ var vi på veg. No var det berre for Eskil å ta formiddagskvilda si i bilen. Dette var ikkje heilt rett fram, og etter to stopp før Orkdal var vi i mål. Så på plass på Kvernamoen parkeringsplass 1 time og 45 små minutt etter at vi gjekk ut døra. >>>

Map