Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Crow Hill

Date:
22.08.2015
Characteristic:
Climbing
Map    

Kveldstur til Wachusett

Date:
20.08.2015
Characteristic:
Walk
Map    

Kongshåmmåren

Date:
15.08.2015
Map    

Lyneggen på Størenhammeren

Date:
13.08.2015
Characteristic:
Climbing
Map    

Tordenvær gir glatt granitt på Selnesklippen

Date:
11.08.2015
Characteristic:
Climbing

På sommarferie i Trøndelagen. Eg og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) tok turen til Selnes for å oppleve årgangsgranitt. No går det litt i surr på rutenavn, men vi byrja med nokre svalengder, og enda i ein bratt toppvegg, sånn ca. Det var meldt tordenbyger denne dagen, men kven kan tru på slikt når været er fint? Etter å ha klatra oss gjennom tre innledande sva-lengder stod vi under toppveggen, og den var så flott at litt forbipasserande skyer ikkje lot oss stoppe i det heile. Vi var havna noko feil i høve til føraren, men eg såg eg kunne kome inn på den planlagte ruta gjennom eit dieder også over til eit rissystem. Diederet var fantastisk fin 4+/5- klatring. Deilig å berre følge formasjonane utan å tenke for mykje på rutebeta, berre tenke oppdrift oppdrift! Så kom dagens crux: ein kort 6/6+-seksjon, før >>>

Map    

Trolledalsegga

Date:
09.08.2015
Characteristic:
Walk

Siste dag i Nordfjord denne ferien. Noko ustabilt vær, men ikkje verre enn at ein måtte kome seg på tur. Tenkte eg kunne lufte slekta litt, og lokka Kona og Christopher med Trolledalsegga og grusveg heilt til topps. Etter litt feilkøyring på Lote fann vi vegen til Lotsstøylen. Her kom høgdemetera fort (på bilvegen opp til støylen)! Parkerte på støylen og gjekk svingane oppover mot toppen. Det vart etter kvart noko kald trekk. Skodda låg på omtrent 1000 meter, og vi kom etterkart opp i vestlandsk heilårsvær (5 grader og duskregn). Det skulle vere veldig fin utsikt herifrå, men i dag fekk vi nøye oss med å sjå litt på Horningdalsvatnet. Etter ein kjapp skjevestopp i ly av huset på toppen sprang vi tilbake til bilen. Det vanka softis på turleiar og nevø etterpå.

Map    

Telttur på Løysingevatnet

Date:
07.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.0km

Det var på tide med den tradisjonelle teltturen til meg og nevøen min, Christopher. Dette var tredje ekspedisjon for fiske og teltovernatting i Stårheimsdalen, og turen denne gongen gjekk til Løysingevatnet. Vi starta klokka 18 frå veienden ved Sigrona i fint sommarvær - ein av dei få fine dagane hittill denne sommaren. Det gjekk radig opp til Indre Fannstøylen, der vi tok første sjokoladepause. Herifrå såg vi også kveldens mål for første gong. Eg hadde ein tanke om at det gjekk sti herifrå og vidare innover dalen. Det gjer det kanskje også, men vi fann den ikkje. Difor vart taktikken å kome seg rett over på stien på andre sida av elva. Her vart det litt roting i myrlendt skog, samt ei litt spennande elvekryssing. Etter ei stund nådde vi stien, og vi tok ei ny pause der stien >>>

Map     2 comments

Lundavarden

Date:
06.08.2015
Map    

Trollvasstinden og omegn

Date:
04.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
13.0km

Det finnast mange typar turar: familieturar, alpinturar, klatreturar, koseturar etc etc. Men eg har i det siste oppdaga aleinegangen; soloturen. All den tid Peakbook dominerast av menn som har eit over-gjennomsnittleg entusiastisk forhold til å rote rundt på fjellet treng eg ikkje å utbrodere aleinegongen for mykje. Eg skal avgrense meg til å seie at det gir ein eigen tilfredstillelse i å kun ha eigen kropp og vurderingsevne som barriere for korleis turen forløper. Ein kort sagt spenner på seg skoa, finn ei rute som kan passe i høve til omfang, risiko etc., også er det berre å dundre på! Med to vekers sommarferie i Noreg i år, og rimelig bra vær, hadde eg sett meg ut eit par potensielle kandidatar for aleinegong. Eg valde Trollevasstinden, både fordi den framsto som ein flott og >>>

Map    

Hornelen

Date:
02.08.2015

Eg og Pappa har lenge snakka om å gå på Hornelen - denne monumentale sjøklippa som ein kan sjå frå stort sett alle kantar mellom Ålesund og Florø. Heksefjell, høgste sjøklippe i nordvesteuropa, med Olav Tryggvasson som førstebestigar av den overhengande aust-veggen; det er mange gode grunnar til å gå på Hornelen. Vi tykte det verka som ein veldig fin tur. Og når det dukka opp ein dag med 15 grader og skiftande skydekke, så var det ikkje anna enn ei gyllen anledning sett gjennom sommaren 2015 sine solbriller. Riktig nok kosta bygene hardt over bilen på veg frå Stårheim til Måløy (Skatestraumtunellen var framleis stengt etter tankbilbrannen nokre veker før). Men Yr.no lova relativt strålande sol over heile Nordfjord! På veg over med ferga klarna det også opp. Men skodda >>>

Map