Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Peak 10 og Crystal Peak

Date:
22.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:36h
Distance:
18.0km

Ny konferansedag med pause frå 12 til 17. Hoppa i joggeskoa og la i veg oppover dei etterkvart så kjende skibakkane. Målet for dagen var å kome meg litt skikkelig opp i høgda. Sidan eg var rimelig gåen i går (etter peakbook-bonanzaen på Peak 8,7,6,5) prøvde eg å ta ei litt roligare marsjfart i dag. Det virkar som at den tynne lufta slit litt ekstra på kroppen. Eg skulle mot Peak 10. Tok same rute som til Peak 9, og var oppe på ryggen under Peak 9 innan rimelig tid. Det var framleis eit stykke til toppen, som ligg litt lenger bak enn Peak 9. Heldigvis kan ein følge ein grusveg ganske langt, og den letta det bratte stykket opp til austryggen av Peak 10 ganske mykje. Deretter var det opp eit snøfelt til toppen, høgda kjendest godt. Toppa ut klokka 14, to timar etter start. Etter ei >>>

Map    

Peak 8,7,6,5

Date:
21.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
20.0km

Ny dag, nye moglegheiter! Dagens konferanseprogram hadde pause frå 12-17, og denne måtte jo brukast til noko nyttig. For eksempel sightseeing i Breckenridge sentrum? På ingen måte. Eg hoppa i joggeskoa og la i veg mot Peak 8. Det kjendest bedre ut opp bakkane enn i går, men eg tok meg også litt bedre tid. Vegen var rimelig strak: følg skibakkane til topps. USA's høgste skiheis går til toppen av Peak 8. Likevel vart det slitsomt nok på dei opptina snøfelta langs toppryggen. Klokka 2 stod eg på toppen, og bevilga meg ei banan medan eg såg bortetter ryggen. Konferansen starta ikkje att før klokka 17. Kanskje eg kunne svinge innom Peak 7 på veg ned? Det skulle ikkje ta så lang tid, og med denne tynne lufta er det jo oppoverbakkane som tar tid. Synd å kaste vekk all denne oppovertravinga >>>

Map     2 comments

Peak 9

Date:
20.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
11.4km

Hæpp hæpp, konferanseveke i Breckenridge Colorado! Også i Colorado då, som kanskje er min yndlingsstat. Nesten som New Hampshire, berre finare fjell, finare vær og fleire digeridooar (samt fleire rikingar også, vel og merke). Eg ankom fredag kveld, og var litt seint i seng grunna rot med innsjekkinga. Like fullt gjorde tidsforskjela meg lys våken kl. 5. Konferansen byrja ikkje før 8:30, og rett bak hotellet låg peakbook-elementa på rekke og rad. Kunne ein rekke å skrape med seg ein topp før konferansestart? Eg hoppa i joggeskoa og la i veg opp dei snølause alpinbakkane. Raskt merka eg at lufta var noget tynn (pust pes). Toppane over meg hadde dei klingande navna Peak 8, 9 og 10. Eg var ikkje heilt sikker på kven som var kva, men eg sikta meg ut ein høg ein litt mot sør. Då skibakkane >>>

Map    

Cannon&Cathedral

Date:
13.06.2015
Characteristic:
Climbing

Maur i baken! Eg må ut! Tenke planlegge ringe. Trad-helg i New Hampshire! Phil er alltid gira på klatring, og sa seg villig til både å vise meg nokon klassiske ruter på indrefileten Cathedral Ledge, samt tilby overnatting i nærmiljøet. Det byrja jo også å bli sesong på ytrefileten Cannon Cliff også! Cannon er kort fortalt ei stor granittklippe der granittlaga skalar av som solbrendt hud på nordmenn i syden. Det vil seie at den ikkje er trygg før langt ut på forsommaren, når lausgodset frå vinter og vårsmelting har rasa frå seg. Laurdagen gjekk til Cannon! Diverre hadde det vore eit heftig regnskyll dagen før, så det rann middels store bekkar gjennom ein del av planane våre. Vi byrja difor på Duet Direct (5.10+), ein totaulengder som Phil hadde sikla på lenge. Eg tok førstelengda >>>

Map    

Great Blue Hill

Date:
07.06.2015
Characteristic:
Walk
Map    

Kancamagus Crags

Date:
06.06.2015

Nydelig dag på "The Kanc", eit av New Hampshire sine gløymde juvelar. Dan og Phil støta hard sport på 5.12-talet, medan eg var fast bestemt på å bryte 5.9-forbannelsen min på kilar gjennom bestigning av Vultures (5.10d). Dette er noko av den flottaste klatringa eg har gjort, 10 meter med tekniske flyt på små lister og kantar, sikra i eit nydelig riss (som var for smalt til å få inn nokon fingrar) med små kammar og ballnuts. Artig! Etter ein god del forsøk (takk til kona som stod i ein sverm av blodsugande insekt halve dagen og sikra) gikk det endelig gjennom nokre desperate moves forbi siste crux-seksjon. Sendinga var eit faktum! Og då var forbannelsen sannelig broten: seinare på dag gjekk eg min andre 5.10 på kilar, og det som flash. Oh yeah!

Map