Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Ace of Spades - isklatresesongen er i gong!

Date:
21.12.2014
Characteristic:
Ice climbing

Hæpp hæpp, etter ein træg start på vinteren la vi i veg til Franconia der rykta sa at det skulle finnast is. Det lisje cragget Ace of Spades i fjellsida på Mt. Lafayette tilbaud 1tl-ruter av varierande kvalitet, nokon veldig fine og andre meir forgløymelige. Etter å ha gått ein WI3 som kjendes enkel ut (fjordårsbeste var WI3) la eg augene på Ace of Spades sjølv, ein bratt 10-15 m WI4-vegg fulgt av lettare terreng med diverse opptak. Ein skal jo vere forsiktig med led på is. Men i tillegg til at teknikken kjendes god ut på oppvarminga har eg lest hyllemeter på hyllemeter med artiklar om isklatring, samt sett time på time med internettvideoar, turrapportar etc etc. Hadde eg hovudet med meg så skulle dette gå bra. Klatre klatre, skrue skrue, klatre klatre, skrue skrue. Smøris, >>>

Map     2 comments

Småveggsklatring på Crow Hill

Date:
07.12.2014
Characteristic:
Climbing

For vått til klatring, for mildt til isklatring. Kva skal man ta seg til då? Sitte inne og sjå på reklame? Nei såvisst ikkje. På tide å lufte ascenderane - da klatrar man aid! Daniel og Kevin var med, Crow Hill sine bratte 1-tl rissruter var målet. Selen full av sikringar, fjellsko på føtene. Temperatur kring frysepunktet, men fint vær. Dette blir bra! Kevin tok eit skikkelig fall på første led. Daniel lovpriste aid-klatringa heile vegen dei 2 timane til topps ("dette er framtida!"), og sjølv syntest eg at dette faktisk kunne ha sin sjarm. Vel og merke holdt eg meg solid på C1-talet, medan Kevin tøtsja på C2'en. Alt i alt ein godt utnytta tidlig-vinterdag i Massachusetts.

Map