Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (6)
- Ekspedisjon (2)
- Fisketur (1)
- Annen vintertur (1)
- Fottur (211)
-
Kjøretur (4)
- Biltur (4)
-
Klatring (169)
- Alpin klatring (27)
- Buldring (25)
- Isklatring (46)
- Miksklatring (7)
- Sportsklatring (8)
-
Skitur (72)
- Fjellskitur (19)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (38)
- Sykkeltur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Bohuslän
- Dato:
- 30.07.2023
- Turtype:
- Klatring
Endelig Bohus! Vi var tre familiar som hadde leigd eit stort hus ved Kungshamn for ei veke med bading, tur, kos og klatring. Litt vind og kjølig vær sette bremsene på badinga, men mykje kos vart det!
Sidan dette er ein turblågg er fokuset naturlig nok på den delen av turen som handla om sjølvrealiseringa til den delen av turfølget som hadde med enorme mengder klatrestæsj over grensa. Men dette var berre ein del av ein ferie prega av minigolf, strandkrabbefiske, macka, mys, ordning och reda.
Etter ein smæsjing tur til Indian Creek i haust, der eg nærast følte eg kunne flyge tilbake over atlantaren for eigen maskin, hadde eg visse forventningar om kva eg skulle utrette i Bohus. Eg skulle raskt få kontakt med landjorda igjen – bokstavlig talt.
Første kvelden tok dei tre ivrigaste, >>>
Rindhovda/Ørnkampen Randsverk
- Dato:
- 10.07.2023
- Turtype:
- Fottur
Overnatting på Randsverk camping på veg til Austlandet, og håp om litt finevær og fjelltrasking. Været var ustabilt, så det vart med denne turen for gjengen. Det var derimot ein framifrå tur for kidsa, og ein flott utsiktstopp mot både Rondane og Glittertind.
Kvitingskjølen
- Dato:
- 04.07.2023
- Distanse:
- 17,9km
Eit forsøk på å få meg ein 2000-m-tur i noko håplaust vær. Eg køyrde til Lom kvelden før og låg over i bilen. Dette var omtrent einaste delen av Jotunheimen som skulle sleppe nedbør, og skodda skulle tilogmed lette etter kvart. Eg skulle hente ungane på Otta klokka 14, så planen var å stå tidlig opp og ta runden så eg hadde god margin på tida.
Opp klokka halv 7, og avgårde litt før 7. Skodda låg godt nedover toppane. Eg ville gå runden mot klokka, så kunne eg gå motbakkene til Vestre, og jogge ned frå Store. Dessutan litt meir sjangse til å få sikt på store om eg tok den sist.
Opp mot vestre var det berre å gå etter GPSen, men ellers var ikkje skodda av den tettaste. I skaret mellom toppane var det blå himmel, før eg dukka inn i skodda igjen mot store. Her var det >>>
Muledalsegga +
- Dato:
- 02.07.2023
- Distanse:
- 20,2km
Hadde nokon aleinedagar i ferien før ungane skulle hentast på Otta tirsdag. Pakka bilen full av stæsj for allslags eventuelle friluftsplanar. Det var berre eit problem som eg måtte undertrykke så godt eg kunne: værmeldingane var av det bedritne slaget.
Etter nøye studering av kartet fann eg at regnet ikkje skulle kome til valldal og romsdalen før i 5-tida denne dagen. Eg køyrde ditover, og sikta meg inn på Muldalsegga (høg pf) og Trollkyrkja (sexy profil) som turmål. Avgang frå turistjungelen klokka 11, varmt og godt oppover.
Det låg mørke skyer både her og der, så eg sikta meg inn på Muldalsegga via Blåfjellet. Dei to enklare toppane burde vere realistisk å få til før regnet kom. God fart oppover, og på Blåfjellet etter 2 timar. Kom ei regnbyge, men den var av det lette >>>
Gjegnen via nordryggen
- Dato:
- 16.06.2023
- Turtype:
- Alpintur
- Turlengde:
- 11:00t
- Distanse:
- 27,0km
Gjegnen – fjellet har ein spesiell plass i hjertet til mange kring Nordfjorden. Dette er majesteten – ein kjem ikkje vekk frå det. Både farfaren og faren min fekk eit eige drag i stemma når dei snakka om Gjegnen. Ingen av dei har vore på toppen. Uansett korleis du vrir og vender på det så er det ein lang tur.
Eg og Mari fekk audiens i 2008, på ein tur frå Hyen med Nordfjord Turlag. «Ein dryge tur» sa turleiaren, og sjølv om eg hadde gått ein del i fjellet hadde ikkje studietida gjort underverker for fjellforma.
Då eg rota meg borti fjellklatring nokre år seinare kom det meg for øyret at nordryggen hadde vore klatra. Så fekk eg vete at lokale ekstremsport-pionerar hadde gått ryggen både opp og ned berre iført joggesko som ein del av ein campingtur. Deretter hadde eit dusin >>>