Longs Peak ad Kiener's Route (19.07.2014)  6


Start point Longs Peak Trailhead
Endpoint Longs peak trailhead
Characteristic Alpine climbing
Duration 10h 00min
Distance 18.0km
Vertical meters 1,500m
Map
Ascents Longs Peak (4,345m) 19.07.2014
Mount Lady Washington (4,050m) 19.07.2014

Tida var komen for Colorado-ferien sitt høgdepunkt: Longs Peak ad Kiener's Route. Meir info om Kiener kan ein finne her. Kort sagt: Long's Peak er den nordligaste av 14K-footerane i Colorado, og eit ynda mål for turistar som vil bli truffe av lyn eller fryse ihjel. Longs Peak-området er også den alpine leikegrinda for klatrarane i Boulder-området, med mange alpine ruter, samt ein nydelig stor vegg (The Diamond) som byr på fleire dritharde klatreruter i over 4000 meters høgde. Ein kan bli gåen av mindre.

Kiener's route går opp ei snørenne (Lamb's Slide, 40-50gr helling, ca 200 høgdemeter?), bortover ei den tider tynne og eksponert hylla Broadway, opp ei lang og rimelig enkel taulengde, diverse høgdemeter med noko teknisk men morsom klyving, før den rundar av rett over Diamanten, og endar på toppen sjølv. Ei klassisk alpinrute med mange element - ingen for vanskelige, men samansett nok til at folk rotar seg vekk her år etter år.

Rudy enjoying the early morning over Longs Peak, with The Diamond getting ever more intimidating as we approach Lambs Slide
Rudy enjoying the early morning over Longs Peak, with The Diamond getting ever more intimidating as we approach Lambs Slide

Eg fann meg den lokale alpinisten Rudy, som var keen på å ta meg med på Kieners. Kona vart vegen og funne for lett - ho fekk vere att heime.

Vi starta friskt med avgang frå boulder kl. 02, og var på trailheaden kl. 03. Her var det allereide full aktivitet av folk som skulle gå den meget populære standardvegen Keyhole Route. Vi fikk bra driv oppover den 6 miles lange anmarsjen, der det gikk frå stjerneklart til nydelig soloppgang over Longs Peak-massivet. Så var det på med stegjern og fram med isøksa og opp Lamb's slide. Her vart det raskt klart at å gå bratt i over 3500 moh er rimelig tungt for låra. Men, vi kom oss rimelig raskt opp utan å få stein i hovudet, som er den største faren her.

Getting out of Lamb's Slide and on to Broadway without sending rocks down on the people below is a challenge.
Getting out of Lamb's Slide and on to Broadway without sending rocks down on the people below is a challenge.

Turen gikk vidare bortover den eksponerte hylla Broadway. Her var Rudy keen på å soloere, men brått vart det meget marginale marginar, og eg bad om at tauet vart pakka ut. Vi gikk løpande den siste delen av hylla, der det til tider var 300 meter frå baken min til neste punkt på jordens overflate. Så leda Rudy kjapt opp 50 meter 5.3-klatring. Dette er eit uoversiktlig terreng, og mange havnar i langt vanskeligare lende. Godt potensiale for tidsbruk og symaskinfot. Veit ein kvar ein skal klatre, er det derimot rimelig trivielt.

On broadway, enjoying the rich alpine flora and fauna. I even got checked out by a hummingbird while belaying.
On broadway, enjoying the rich alpine flora and fauna. I even got checked out by a hummingbird while belaying.

Deretter var det ein lang og bratt klyvedel til toppen. Klyvinga var variert og artig, og vi valde også å gå siste opptaket, The Staircase, solo, då det var vel innafor. Mange brukar tau på denne delen. Klyvedelen var bratt og særs sugande på lår og leggar i den tynne lufta. Også her er det fint potensiale til å gå seg vill.

It's 8 o'clock and we are already at the scrambling section. We'll be back down in time for the lunch buffet!
It's 8 o'clock and we are already at the scrambling section. We'll be back down in time for the lunch buffet!

Vi toppa ut over Diamanten i eit fantastisk vær på den meget fornøyelige tida 6 timar. Ting gikk knirkefritt (mykje pga Rudy), og vi stod på toppen klokka 9, der vi mottok smigrande ord frå turistane som hadde ankome via Keyhole. Slik godorda hagla var det ingen hast med å pakke ned klatreutstyret.

The staircase, last tecnical section before topout. Here in solo-mode.
The staircase, last tecnical section before topout. Here in solo-mode.

Etter litt sjokkis og high-fives gikk vi ned på nordsida av Diamanten. Dette er ei vanlig returrute for klatrarar. Den er kjappare enn Keyhole, og inneheld ein 35-m rappell (samt litt nedklatring, 4-5 meter grad 3?). Men ruta går over eit komplisert sva-landskap, og det er ikkje rett fram å finne rappellfestet om ein ikkje veit kvar ein skal leite. Så om ein er usikker er det like greit å returnere via Keyhole.

Topping out! Yes, tourists, we have climbed. Very impressive indeed!
Topping out! Yes, tourists, we have climbed. Very impressive indeed!

Sidan vi hadde så innmari god tid (klokka 10:30 var vi allereide på god veg ned frå toppen) foreslo eg (i god Peakbook-ånd) at vi også kunne ta med fortoppen Mount Lady Washington, som er ei einaste steinur, men over 4000moh og ganske så synlig frå dalen. Ura opp til toppen baud på høge steg og sure lår. Ladyen frå Washington kunne vanskelig fått seg eit kjipare fjell. Men utsikta over Kieners var fantastisk herifrå. Deretter gikk returen over stein på stein tilbake til stien. Vi var tilbake på trailheaden kl. 13, etter 10 meget effektive og spennande timar på tur.

Pretty nice area
Pretty nice area
The route! (details may not be accurate, so do not use as topo!)
The route! (details may not be accurate, so do not use as topo!)
Rudy, my brilliant climbing partner on the trip! Thanks, I really learned a lot!
Rudy, my brilliant climbing partner on the trip! Thanks, I really learned a lot!
Looking back at the Long's Peak Massif from the trail on the way back down.
Looking back at the Long's Peak Massif from the trail on the way back down.

Thank you for a fantastic trip, Rudy! Dette er ein tur som absolutt kan anbefalast både nybyrjaralpinistar (med kompetent følge) eller meir kompetente alpinistar som er ute etter ein særs fin tur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.