First Flatiron (15.07.2014)

Characteristic Climbing
Duration 7h 00min
Map
Ascents First Flatiron (2,219m) 15.07.2014

Tur opp første strykejern, både for å teste multipitch-eigenskapane, for å klatre eit landemerke, og for å få litt utsikt.

Vi byrja på ruta Baker's Way (5.3) som byrjar eit stykke opp til venstre for fronten, for så å følge ei hylle opp ca midten av nordegga. Første taulengde byrja med litt 5.3-klatring, før eg kom opp på sjølve svaet. Her var det berre å la sikringane vere på selen, og rusle seg oppover før eg sette standplass etter nesten fullgått tau. Kona kom etter og leda neste lengd: rundt eit greit hjørne og opp på sjølve hylla Baker's Way. Dette kunne vi gått løpande med joggesko. Ho sette standplass etter vel 60m, og resten av vegen opp til nord-egga rusla vi usikra.

Kona i godt driv på ryggen av strykejernet. Ser dramatisk ut, hadde det ikkje vore for "joggarane" som strauk usikra forbi i joggesko (btw har slik joggealpinisme visst nok også dukka opp i norske tindar i det siste).

På nordegga ankra eg meg i eit rapellfeste, og kona tok det som nok var turens vanskeligaste taulengde (5.4). her byrja det også å bli ganske folksomt, men også ganske koselig. Fint vær, nydelig utsikt, og ei meget pen egg. Egga vidare gikk greit, og kunne nok vorte gått løpande også av oss. Men sidan vi var litt nye på dette med rusling på eksponert grunn med tau, sette vi standplassar. Så fikk fikk vi også litt mengdetrening på det. Så mange sikringar vart det ikkje satt. Vi slengde heller tauet rundt nabbar og hjørner.

Utsikt over Boulder og omland. Rockies røyser seg virkelig brått frå prærien. Vestover er det flatt heilt til Boston. Aust kjem vi raskt opp på 4000 meter. Boulder sjølv ligg på 1600, så heilt flatt er det kanskje ikkje. Meir ein veldig slak nedoverbakke heilt til Boston?

Etter 4 taulengder sat vi på toppen, og mørke mørke skyer bygde seg opp. Vi organiserte ein kjapp 50m rappell til baksida, og i det vi fekk nappa tauet frå toppen braut det ut eit voldsomt tordenvær. På veg ned såg vi heile ruta vår omgjort til ei stor elv. Sjølv om klatringa i seg sjølv ikkje var så vanskelig var det bra at vi sette av godt med tid. For det er ein ganske stor stein, og det er visst ikkje uvanlig at folk må kome seg av i ein fei med fleire rappellar frå eige utstyr.

Kona toppar ut!
Kona toppar ut!

Sjølv om Baker's way ikkje var det mest spennande, er det mange flotte ruter som er veldig fine for nybyrjerar. Sjekk om ruta er runout først (det er mange stader dårlige sikringsmoglegheiter) eller berre ta nordegga, som antakelig er den finaste ruta.

Ein rapell og ei tordenbyge seinare var vi vel nede frå strykejernet. Første flatiro er det høgste i bakgrunnen.
Ein rapell og ei tordenbyge seinare var vi vel nede frå strykejernet. Første flatiro er det høgste i bakgrunnen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.