Castle Rock (14.07.2014)


Characteristic Climbing
Map
Ascents Castle Rock (2,438m) 14.07.2014

Ein topp er ein topp er ein topp. Sjølv om den er ein stor pinakkel nede i ein dal. Og når dette i tillegg vert min høgste klatretopp gjer det strengt tatt ingen ting at parkeringsplassen ligg 60 meter under toppunktet, med hovedvegen like ved.

Men i alle fall. Castle Rock er av dei siste klatreområda ein køyrer forbi på I119 frå Boulder til Nederland. Det er også eit klassisk crag i Boulder si klatrehistorie. Ein gong var verdas hardaste tradrute etablert på Castle Rock.

Vi var ikkje på Castle Rock fordi vi skulle etablere verdas hardaste trad-rute. Vi var der fordi den alpine starten vår på ei mykje lenger rute på eit anna crag hadde blitt forpurra då vi ved innsteget oppdaga at turledar (meg) hadde gløymt vatnet på motellet. Vi henta vatnet og stakk til Castle Rock for å få litt kjapp og fin klatring.

Først gikk vi West Face (5.5) som normalt klatrast i 3 lengder. Vi tok den i to lengder, der Kona freste avgårde på ei lang førstelengde. Her skulle vi sjå etter utstyr vi hadde satt att ein dag før, men det hadde visst vore både ravn og skjærer i området, for både nøtter og karabinarar var vekk. Eg leda den kjedeligare klyvelengda opp til toppen, der eg kunne nyte Colorado-sola frå ein riktig så fin standplass (om eg får seie det sjølv).

Etter retur til bakkenivå gikk vi Bailey's Overhang (5.8, 1TL) og eg gikk nestennesten den meget pene og korte Curving Crack (5.9). Eg måtte henge på eit crux i byrjinga, men resten gikk meget pent. På topptau etterpå gikk det som ein leik, så denne må eg tilbake til.

Hæpp hæpp. Info for for klatrenerdar
http://mountainproject.com/v/castle-rock/105744656
...og for toppautistar:
http://www.peakbagger.com/peak.aspx?pid=-19908

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.