Franconia Ridge og Mt. Lafayette (03.05.2014)


Map
Ascents Mount Lafayette (1,597m) 03.05.2014
Mount Lafayette North Peak (1,536m) 03.05.2014
Little Haystack (1,451m) 03.05.2014
Mount Truman (1,524m) 03.05.2014
Visits of other PBEs Greenleaf Hut (1,294m) 03.05.2014

I dag kom eg meg så vidt over tregrensa, for første gong hittil i amerikaoppholdet mitt. Valet fall på den populære turen til New Hampshire sitt 6. høgste fjell Mt. Lafayette via delar av Franconia Ridge. Enkelte kallar denne ryggen spektakulær. Andre har problemer med å kalle noko som heldst i Appalachiane spektakulært.

Vi gikk frå trailhead parking ved 93'en opp god sti gjennom skogen. Vi valde Falling Water Trail, som går til fortoppen Little Haystack Mountain, som igjen gir ein kilometer eller to med rusling på ryggen før ein kjem til sjølve Mt. Lafayette.

Endelig over tregrensa. NHs 6. høgste pkt i bakgrunnen. Kona si allværsjakke - litt kort over magen.
Endelig over tregrensa. NHs 6. høgste pkt i bakgrunnen. Kona si allværsjakke - litt kort over magen.

Stien var full av hardpakka snø, så det er tydelig at dette er ein populær tur også om vinteren. Vi tok stort sett igjen folk i bakkane. Amerikanske fjellgåarar kan laust delast opp i dei svært velutstyrte (walking sticks, gamasjar, stor sekk, stegjern etc etc) og dei meget lite utstyrte (sandalar eller sneakers). Eg kan vere frista til å seie at felles for begge grupper er at dei ikkje evnar å gå i ulendt terreng, og difor heller ikkje går særlig fort på sti. Men det er mykje ein kan bli frista til å seie i dette landet. Som at dei fleste amerikanerar har eit framandgjort forhold til natur, noko som fører til ein særs teoretisk, fryktorientert og utstyrsdominert diskurs om friluftsliv. I alle fall var det populært å ta bilete av løvhaugane langs stien med iPad.

Nok om det.

På toppen, med kunstneriske regnbyger i åsane runt. Pontus (turfølge) t.h.
På toppen, med kunstneriske regnbyger i åsane runt. Pontus (turfølge) t.h.

Skogen letna endelig omtrent 10 meter frå toppen av ryggen, og det opna seg ei meget langstragt og flott utsikt. Vi hadde glimrande utsikt til den legendariske klatreveggen Cannon Cliff som ligg rett over dalen. Ein dag skal eg kanskje ta turen opp den istaden for å rote rundt i skogen på Appalachiske tinder.

Greenleaf Hut. Koselig sak med varm kaffi. Sakna berre sveler.
Greenleaf Hut. Koselig sak med varm kaffi. Sakna berre sveler.

Vidare tusla vi bortover presidentane Lincon og Truman før vi kom til Mt. Lafayette, brukte om lag 2,5t opp (*pust pes, men det var jo riktig nok sesongstart). Meget pen utsikt her også, og kjekt å vere på høgfjellet. Så rusla vi ned til Appalachian Mountain Club si hytte, som ligg på skuldra rett nedom toppen. Her kan ein overnatte, og ein kunne kjøpe varm kaffi. Reinaste turistforeningssteminga. Så var det glissande forbi vaglande innføydde heile vegen tilbake til bilen.

Scenic view.
Scenic view.
Smutty ved reisens slutt. Glad sel som er laga i New Hampshire.
Smutty ved reisens slutt. Glad sel som er laga i New Hampshire.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.