Bratten i Gjølet: Isklatring i skiferbruddet Engan (01.12.2013)  6


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Skiferbruddet Engan 01.12.2013

Trønderalpinizm 4 real!

Førstereisgut i isklatringa si verd. Stygge meldingar hindra ikkje aspirerande alpinistar kobbenes (Kristian Starheim) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand)å hoppe i bilen i retning oppdal! Skiferbrotet såg ut som ein tolelig plass for passelig vanskeligheitsgrad, men så var det denne stormen då. Frå skiferbrotet gikk det derimot eit trangt jøl opp mot ei gryte, beskytta mot vinden, der isen lokka svikefullt!
Herran e sending conditions!
Herran e sending conditions!
Gjølet. Snø, sjø'
Gjølet. Snø, sjø'
God stemning! Dette blir barneskirenn!
God stemning! Dette blir barneskirenn!

Dette skulle gå greit, opp med seg. Men det var jo både bratt og dårlig is. Nordstrand leda stødig oppover vertikalane over meg medan isen deisa i hjelmen. Så var det meg. Bratt, sjø. "Det er ikkje eit alternativ å freake ut no" høyrde eg meg sjølv seie før eg klara å drage meg gjennom kruxet. Men så artig, då! Opp kom ein, og god stemning!

Ruta. Tok den i to taulengder pga mangel på skruar. 1ste taulengde ca 20 m. Andre taulengde brattast, ca 15 m.
Ruta. Tok den i to taulengder pga mangel på skruar. 1ste taulengde ca 20 m. Andre taulengde brattast, ca 15 m.
Va jo bratt!
Va jo bratt!
Selfie med påse. Framleis i live, og no berre sjarmøretappen igjen! Flora og fauna er tilletne sikringsmiddel
Selfie med påse. Framleis i live, og no berre sjarmøretappen igjen! Flora og fauna er tilletne sikringsmiddel

På rapellen ned leita eg etter den enkle vegen der vi hadde gått opp. Men der var jo ingen enkel veg? Det var jo berre rett ned over alt!?! Hadde vi klatra opp her? Redselen la seg, og tilbake stod berre overmotet!

ICE ICE BABY!

Noter i ettertid: I den nye isklatreføraren for Oppdal og Sunndalen (2013) er Bratten i Gjøla omtalt som ei av dei første seriøse islinjene som vart opna i Drivdalen. Den er gradert til WI4, 50 meter med bratt klatring. Og enda viktigare: eit heilsides bilete der den ser bratt og brutal ut!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.