Holvikfossen 26 (07.01.2026)


Turtype Isklatring
Kart
Andre besøkte PBE'er Holvikefossen (325moh) 07.01.2026 18:15

Endelig vinterkulde og isklatreforhold! Berre å kome seg på Holvikfossen - Nordfjord sitt eige halvdags iseventyr! Jesper var med på ein onsdags morgen. Superdupert!

Bra kaldt på parkeringa og innsteget. Fossen var fullt forma og utan snø. Eg starta og tok det litt rolig (fossen er stor og kan gåast med litt ulik vanskegrad). Tok den i tre lengder i dag så det vart litt kortare å vente på standplass i kulden. Drog første lengdee. litt mot venstre og sette stand etter 30 m, ca WI3 og smøris. Jesper kom etter og gikk det litt slakare mellompartiet, med litt oppsøkande klatring. Så var spørsmålet om eg skulle prøve meg på den bratte venstrevarianten eller den slakkare høgrevarianten. For bratt for tynt for svak - det var høgrevarianten. Og den var ikkje så slakk som den brukar å vere, så dette vart underholdande nok. WI3+ kanskje. Klatring på store formasjonar.

Toppa ut i sola. Livet leikar!

Jesper i gang på andre lengde
Jesper i gang på andre lengde
Eg på siste lengde, som var underholdande i dag!
Eg på siste lengde, som var underholdande i dag!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.