Litt klatring i ålfoten (26.09.2025)


Startsted Førdsdalen

Fikk med Juan og Aslak på klatring på Hylle 7 i dag - nytt forsøk på veggen hylle 7til8, med betre vær enn førre gong.

Vi gikk for linja vi hadde sett på sist - eit flott dieder og riss midt i veggen. Alltid krevjande å vurdere brattheit og vanskegrad frå bakken. Så det var berre å prøve. Min plan var at vi gikk ei rute, kanskje 3-4 taulengder, tok lunch, og så ei rute til. Slik gikk det ikkje.

Juan tok oppvarminga i botnen av veggen - ei litt begrodd rampe som førte til starten av bratta. Det burde jo vere enkelt - men det vart litt klatring her også. Som sagt begrodd, men også laust. 3+/4- ish

Så til risset i andre taulengde. Det var eg gira på, så det fekk eg. Vi hadde med eit vanlig rack, og ein femmerkam for litt ekstra vekt. Men det såg eg no var lurt, for dette var ikkje handrisset eg trudde eg kom til å få. Her starta vi med offwith, så ein del funky kyllingvingar og diverse håndgemeng, knyttnevar, og ein og anna handjam. Bratt, lite fottak, og generell fysisk fostring. Velsikra og fint. Hang ein gong for å hente med meg femmaren til vidare bruk, men brukte ikkje sikringar til oppdrift. Vanskelig med grader - kjendest ut som 7- men er sikkert 6+ :-P

Etter ein morsom og intens kamp drog eg meg opp på det vi trudde var ei standplasshylle, men som i staden var eit lite hjørne som var bittelitt mindre vertikalt enn resten. Sette standplass, og lurte litt på korleis dei to andre ville ta dette opplegget. Aslak klatra med sekk, og det var tungt nok, men med gode jammar kom han seg opp. Juan måtte raskt konstatere at han må klatre fleire riss. Nokon fall vart det, men dei kom seg opp. Sosialt på standplass for å seie det slik.

Så var det vegen vidare. Ingen av dei andre melde seg frivillig. Det såg eigentlig litt vanskelig ut. Eg prøvde rett opp frå standplass. Her var det eit tricky opptak der eg risikerte å ramle rett i hovudet på dei andre. Og det var jo som sagt også rett frå standplassen. Eg prøvde ein spenstig travers til eit naboriss. Men det var ikkje eit riss. Så då fekk eg gå traversen også tilbake.

Nei saken var klar - her vart det bail. Vi rigga anker rappa av og konstaterte at neste gong må vi ha med ein sterkare klatrar. Slik er det somme tider. Etter ein runde for å sjå etter korte enkle ruter fann vi ut at no var det nesten middag.

Men så fint det var då! Dette er like bra som Bohuslän - heilt sant! Enormt område med uendelige moglegheiter

Lina er diederet litt til venstre for midten
Lina er diederet litt til venstre for midten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.