Nesten klatring i Ålfoten (13.09.2025)
Bestigninger | Nordvest for Sjuvatnet (749moh) | 13.09.2025 20:46 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Haus klatrefelt (30moh) | 13.09.2025 20:46 |
Eg har veldig lenge tenkt på veggane på hylle 7 i Ålfoten. I dag la stjerner og planetar seg i linje. Værmeldingane var fine, Torbjørn var gira på klatring, og Uglefisk lot seg lokke vekk frå awesome fotomotiv i Molladalen. Då vi stod på parkeringa innerst i Førdsdalen og heiv det eine sikringsmidlet meir esoterisk enn det andre i sekken, var det vanskelig å sjå korleis dette ikkje kunne bli ein knallsuksess.
Anmarsjen gikk radig for seg, og då godsakene openberra seg steig iveren i gruppa. Vi hadde god tid, så vi leita fram kikerten, smurte nokon skiver, og såg etter linjer. Så racka vi opp under veggen.
I det vi leita fram taua sa Pål at det såg så veldig mørkt ut bort med Maritind. Ja visst - der var det ei solid regnbyge. Men kanskje den passerte utan å kome hit? Eit halvt minutt etter satt vi under ein stein medan det pøsa ned. Det var jo som pesten....
Men byga den gikk raskt over den! Og veggen var faktisk ikkje så verst tørr enda. Så det var framleis håp! Vi gikk ein runde og såg på stein (noko somme tykte var meir interessant enn andre), og jammen kom ikkje sola også!
No var vi gira. Tilbake med veggen, og Torbjørn racka vi opp på ny. Eg sette på sikringa, og han var good to go. Oh yes, NO SKJER DET!!! Men, i det Torbjørn la handa på steinen kom første dråpen. Drypp drypp drypp. Eit blikk mot Maritind viste at samme driten var på veg igjen.
Så var vi tilbake under klubbsteinen. Medan det pøsa ned og ALT vart vått delte vi ein Kvikklunch og ein Troika. Det vart ikkje i dag.
Byga gikk over, vi pakka sakene og byrja på utmarsjen. Som vi gikk i strålande sol.
På ferga vart eg og Torbjørn einige om at vi skulle ta ein tur på lokalcragget på Haus og rydde i nokon gamle nemesisar. "Køyr meg heim" sa Pål. Det kan eg godt forstå.
På Haus gikk eg ein gammal sekser som eg psyka ut på for eit par år sidan. Det har ikkje blitt veldig mykje klatring i år, men dette vart heldigvis ikkje ein ny klatrefri klatredag.
Gledar meg til neste gong! Woop woop
Kommentarer
Tittel mangler
Skrevet av uglefisk 13.09.2025 20:59var i det minste ganske så koselig i "hula" vår da :P
Sv:
Skrevet av kobbenes 14.09.2025 21:51Kjempegreier! Takk for turen :-D