Fongen + (16.07.2025)


Turlengde 6t 30min
Distanse 30,0km
Høydemeter 1550m
Kart
Bestigninger Fongen (1442moh) 16.07.2025
Fongen sør (1434moh) 16.07.2025
Fongskaftet (1298moh) 16.07.2025
Lauvåstøten (988moh) 16.07.2025
Tofjellet (1055moh) 16.07.2025
Andre besøkte PBE'er Ramsjøhytta (774moh) 16.07.2025
Ramsjøhytta og Fongen Parkering (700moh) 16.07.2025

Aleinedag i Trøndelag i sommarferien. Eg hadde eeigentlig lyst å klatre på Selnes, men det er ingen stad å opphalde seg i ei varmebølge. Så eg hadde sikta meg inn på Ilfjellet, som eg aldri klara å prioritere medan eg budde i Trøndelag. Slik gjekk det også i dag - eg klara ikkje å prioritere Ilfjellet. Ilfjellet si utfordring er at det alltid finnast meir spennane fjell. Og sidan eg hadde så god tid var det ein annan nemesis som dukka opp: Fongen. Den hadde eg prøvd på ein gong før, då toppsamlinga mi var i sin spede og umodne barndom. Så umoden var den at turen var elendig planlagt. Kona kom rett frå nattevakt, avgangen vart sein og innmarsjen treig. På ein topp som er svært mykje innmarsj. Det vart vendereis.

Så ikkje i dag! No utstyrt med raske briller, raske sko, og sånn sekk! Dette skulle bli så barnemat at utfordringa først og fremst ville bestå i kor mange bonustoppar eg skulle ta med. Også at det var 28 grader på parkeringa ved avgang. Det var også ei utfordring. Og at det var så sjukt masse klegg at all omkledning måtte skje inne i bilen. Det ville også bli ei slags utfordring.

Vel vel, varmt var det, men litt trekk og god sprett i kloppane på veg inn til Ramsjøhytta. 4.5 km inn hit gikk radig. Ny hytte som var veldig fin! Her møtte eg ein eldre kar med tunge jaktstøvlar og alt for mykje kle som gav meg ein del gode tips om korleis ein skulle te seg i fjellet. Takk og takk for tipsa sa eg, og var glad eg ikkje var i hans sko. Han gav meg også tipset at det var fint å gå Fongen langs vestsida på vatnet, så slapp ein omvegen til austryggen. Det tipset tok eg med, og det var fint terreng og etterkvart sti på vestsida av vatnet.

Herifrå såg det greit ut å gå opp i skaret mellom Fongskaftet og Fongen. Så sagt som gjort, flott opp her - ørn, og reinsflokkar på snøfonnene. Ikkje rart med all den kleggen som fulgte meg heile dagen. Så vart Fongskaftet dagens første topp. Ja, litt drygt inn hit. Men flott! Bris og ikkje så kokvarmt i høgda.

Vidare opp til Fongen gikk greit og fint. Heeilt legendarisk utsikt opp på her. Fongen er svært frittliggande. Sat på toppen nesten ein time. Ikkje ein kjeft å sjå anna enn rein, klegg og tistelsommarfuglar. Kvar er folk på ein dag som i dag?

Greit nedover austryggen - kom litt langt mot høgre men justerte i tide. Hadde god tid og beina kjentest pigge, så tok med Tofjellet også. Holdt på å bli teppebomba av klegg i ein bekk der eg fylte vatn. Field-testing av camelback i tungt luftskyts: de må gjere det enklare å få denne blæra tilbake i sekken - her var det berre på nippen at eg hadde blod att.

Så straka vegen til Ramsjøhytta. Her var det liv! Stappa fullt av folk som gikk norge på langs - og heilt sjukt med klegg. Slo av ein prat med turfolket før eg flykta frå utøyet.

No var eg faktisk såpass i siget at eg også tok med Lauvåstøten, som ligg like ved hytta. Klok av skade ved tidligare vannstopp var eg no meir effektiv i vasspåfyllinga. Eg berre dyppa heile sekken med camelback i bekken, så var den full av vatn på eit blunk. Det var også telefonen min, som låg i sekken. Kjempegreier. Alle bileta i denne turrapporten er dermed dei eg sende til kona undervegs som oppdatering - eit lite eksklusivt innblikk i vårt samliv der altså.

Så vart det 4.5 km ut til bilen, og burger i Selbu etter ein knallfin og heit runde i indre Trøndelag.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.