Snøkolla og Stortindane, Øksnes (30.07.2024)
Bestigninger | Snøkolla (763moh) | 30.07.2024 22:05 |
---|---|---|
Stortinden (730moh) | 30.07.2024 22:05 | |
Andre besøkte PBE'er | Steinland turparkering (9moh) | 30.07.2024 22:05 |
Ny kveldstur på Øksnes. I dag tenkte eg at eg måtte komme meg på Høgste punkt i kommunen og på øya - Snøkolla. Det var berre det at den ikkje såg så innmari spennande ut samanlikna med dei mange brattare profilane i nabolaget. Ein av desse var Stortinden, som låg veldig nær. Men her var det ingen info om veg til toppen. Vel vel, slik kan ein tenke på opp bakkane.
Forgløymelig opp fjellsida til Snøkolla. Fin utsikt då. Tenkte eg i allefall kunne gå mot Stortinden og sjå korleis det gjekk. Kom til ryggen, og her var det faktisk ein sti - truleg saudesanking. Det gjorde turen langs ryggen litt meir oversiktlig, og eg var raskt i skaret mot Stortindane.
Herifrå såg Stortindane bratte ut. Det var to toppar, og det var sjølvsagt den bakerste som var høgst. Eg kunne prøve å gå rett frå skaret og opp, men det var vanskelig å sjå kva som møtte meg lengst oppe, og om eg ville klare å kome meg vidare til hovedtoppen.
Men i nordflanken var der nokre grasflankar som såg gangbare ut. Eg gjekk ned ei renne og inn i nordsida, og herifrå var det fint å følge graset til topps. Om litt stod eg på toppen av Stortinden. DET var flott.
Herifrå såg vesttoppen kjempefin ut, så eg runda rundt og ned i skaret, og eit kvarter seinare stod eg på vesttoppen - like fin som hovedtoppen.
Eg var ikkje motivert på å gå over Snøkolla tilbake, så eg fulgte grasbakkar ned frå toppen, og litt bukketerreng tilbake ut mot bilen. Rett før vegen støtte eg på eit gjerde. Eg stussa litt - det så ut som eit vanlig metallgjerde, men virka litt spinkelt. Å klatre over dette ville jo øydeleggje heile greia. Men det gikk an å snike seg under, så eg åla meg ned i lyngen. Midt i denne kommandomanøveren slo det ein skikkelig kavring av eit støt gjennom meg. Det var eit straumgjerde! Eg kom meg vekk så raskt som eg klara - berre for å oppdage at eg framleis var på feil side av gjerdet. Det var jo som pesten.... Men litt lenger var eit litt djupare myrhol under gjerdet. Det var berre å vente til ingen bilar var i sikte, så dyppe sitt legeme i myrvatn og snike seg under. Ei (u)verdig avslutning på ein flott tur på ekte nordlandske tindar!
Starttidspunkt | 30.07.2024 18:59 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 30.07.2024 21:48 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 2t 49min |
Bevegelsestid | 2t 43min |
Pausetid | 0t 6min |
Snittfart totalt | 3,2km/t |
Snittfart bevegelsestid | 3,3km/t |
Distanse | 9,0km |
Høydemeter | 1039m |
Kommentarer