Dalen med stor M (26.05.2024)


Characteristic Alpine climbing
Map
Ascents Molladalen (805m) 26.05.2024 20:28
Jønshornet (1,419m) 26.05.2024 20:28
Visits of other PBEs Molladalen klatring (1,000m) 26.05.2024 20:28
Melbøsætra parkering (210m) 26.05.2024 20:28

Endelig Molladalen!
Eg har aldri vore i Molladalen før. Dette til tross for at eg har budd like ved i lengre periodar av livet. Det har sine forklaringar. Ørsta var ein plass vi køyrde forbi. Fjellturar gikk ein der ein hadde gått før, fortrinnsvist der det ikkje var spisst og høge kantar. Molladalen kom dårlig ut av denne likninga der. Når eg først byrja klatre budde eg andre stader, og når eg flytta heim har eg rett og slett hatt hovudet for fullt. Sånn enkelt sakt.

Men denne helga skulle mange stjerner legge seg i rekke! Det byrja med det sinnsjukt fine mai-været vi har hatt i år. Så skulle kona på hyttetur med venninner – ikkje ein suksessfaktor isolert sett. Men så vart guttungen invitert på campingtur. Då byrja tannhjula å knirke – kunne eg få lånt vekk minstemor også? Ja det gikk fint – ho vart fint omplasert i Ulsteinvik fredag kveld. Til alt overmål var både Torbjørn og Aslak gira på klatring – den eine laurdag og den andre søndag.

Så då var det berre å bla i førareen og glede seg! Menyen vart ein klassisk nybyrjar-meny: Snickers og Clifton.e Eg køyrde til Melbøsætra fredag kveld, slo opp teltet, og sprang ein tur på Middagshornet som ein liten forrett. Her var havskodda på god veg, og det var berre å håpe at den ikkje dominerte totalt neste dag.

Snickers og Ramoen.
Torbjørn kom køyrande neste morgen, så var det berre å traske i veg. Målet var ruta Snickers (6) på Ramoen sin sydvegg. Vi tok frokost ved vatnet, og eg la frå meg campingutstyret, før vi traska opp lia til veggen.

Flott rute! Lange taulender. Kokheitt i veeggeen. Klatra litt feil på første lengde (5+) for ekstra spenning, andre gikk radig (5+), medan tredje (6) var ganske hard ut av standplass opp eit lite buldreproblem. Resten var heller ikkje trivielt. Så tok Torbjørn over for to lengder opp mot rapellankeret. Først ein bratt og nydelig 5-, før ein riimelig sexy femmar opp toppegga.

Første lengde på Snickers. Ser bratt ut, var ikkje så bratt, men kjendest bratt ut. Dessutan klatra eg feil.
Første lengde på Snickers. Ser bratt ut, var ikkje så bratt, men kjendest bratt ut. Dessutan klatra eg feil.
Bratt crux. Men utsikta var god!
Bratt crux. Men utsikta var god!
Torbjørn i skarpenden
Torbjørn i skarpenden

Når vi sat her og hadde god tid ville ingen nedatt. Så vi rangla liksågreit opp til toppen av Ramoen. Dette vart dobbel for meg, for Ramoen har eg heller aldri vore på. Derimot har eg sett på den heile oppveksten. Dette var ei pilegrimsreise.

lykke
lykke

Så retur ned stien, før Torbjørn køyrde heim. Eg slo opp teltet og nærlas føraren litt meir.

Solid vegg
Solid vegg

Clifton.
Morgenen etter kom Aslak gåande frå Romedalen. Han hadde hatt ein lang dag på Romedalstraversen dagen før, og var no sånn rimelig klar for klatring. Han hadde rangla ein god del, men klatra lite vegg. Så no var han gira på å kjenne litt på gradene. Sjølv om han nok var litt prega av gårsdagen. Planen i dag var ei litt kortare rute – klassikaren Clifton (6- 3tl) i trekkspelveggen.

Vi traska oss effektivt opp til innsteget. Aslak tok første lengde (5) men fekk litt problem med rutefinning og rota seg bort i noko laust stygget. Etter eit par runder i den mentale verktykassa rodde han seg i land, og fann den flotte avslutninga på denne lengda.

Aslak i gang på Clifton
Aslak i gang på Clifton

Neste lengde var ei laaaang 5+ lengde.Den tok eg, og den berre fortsette og fortsette og fortsette. Heilt nydelig og riimelig vedvarande. Spenninga låg etter kvart i kva eg ville ha att for å setje standplass. Men det gikk det også.

I gang med andrelenga på Clifton
I gang med andrelenga på Clifton

Herifrå var det ei kort 6- lengde att, og eg tok den også. Betydelig lettare enn gårsdagens tur på 6-talet, og når eg vippa meg over kanten såg eg rett på ein bolta standplass. Feelgood der altså.

To 60m-rapellar så var vi nede, og så var det snørutching ned bakkane og tilbake til parkeringa.

Toppankeret på Clifton
Toppankeret på Clifton
Luftig rapell frå Clifton
Luftig rapell frå Clifton

Takk Torbjørn og Aslak for godt selskap og ei fantastisk helg!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.