Isklatring på Grodås (12.12.2022)
Besuche anderer PBE | Kirkhornselva (100m) | 12.12.2022 |
---|
Tur ut på isen i kulden. Fekk med Marius som ikkje hadde prøvd isklatring før, og gikk for fossen i lia ovanfor Grodås sentrum. Denne hadde eg sett på på veg til Gullkoppen tidligare. Trudde det var den ein såg frå E39, men det viste seg å vere feil. Er altså to fossar i Kikhornselva - og dette var den øverste.
Fossen var feit og fin, og gav 10-12 meter med max WI3. Behagelig start på sesongen der altså - hadde kanskje vore kjekt med litt meir utfordring. Men vi fikk ei effektiv økt med litt lapsing før Marius skulle på kveldsvakt.
Ein fin lett foss som passar bra for topptauing og enkel leding. Lett tilgjengelig frå brua rett før Kirkhornssætra, ca 20 min gange frå parkeringa.
Benutzerkommentare