Felden, Klakken og Lisjetoren (30.09.2022)
Bestigninger | Felden (1272moh) | 30.09.2022 14:16 |
---|---|---|
Klakken (1258moh) | 30.09.2022 14:16 | |
Litletoren (1165moh) | 30.09.2022 14:16 |
Felden har stått på ønskelista ei stund. Kanskje litt for lenge ettersom den er rett i nabolaget. Vel, slik er det når ein har for mykje å velge mellom. Med det flotte haustværet kunne ein ikkje sitte på heimekontoret og slite hol i buksebaken. Her måtte det bli tur!
Felden er jo eit mystisk fjell på fleire måtar. Det stikk seg fram både her og der - klassisk signaltopp. Fleire har lagt merke til dette. Det skal ha foregått diverse ritualer her oppe på det som skulle vere Odin sitt fjell. Tor har jo fått to fjell i dette dalføret, og Frøya eit (Frøhornet). Det er ruinar etter ei steinhytte som visst nok skulle vere åstaden for æse-rituale her oppe. Heksene stoppa visst her på veg til blokksberg - fine landingsforhold på den slette toppen. I tillegg er det eit monogram for Håkon den 7nde av steinar i mosen her oppe - laga under andre verdskrig.
Slikt kan ein tenke på opp bakkane - og då er det lett å gå feil. Eg hamna på nordaustryggen, og tenkte at dette kunne ikkje stemme. Seinare har eg høyrt at lokale adrenalinjunkiar brukar å gå opp denne vegen. Dei om det.
Nei, her skulle ein opp på austsida, rett opp frå Frøskaret. Møtte ein kar opp i her som skulle gå til hytta si på Harpen. Tok ein prat på toppen medan eg såg etter kulturminner og såg på utsikta.
Deretter var det å lukte på neste etappe - den såkalla knivsegga mellom Felden og Klakken. Denne skulle vere spennande saker - og det innrømmer eg gjerne at det var. Men eg tenkte at i dag fekk vi utfordre høgdeskrekka litt. Bratt ned grasbakken til eit utsatt punkt. Så slenge ein fot i kvar sin dal over eit punkt, før det la seg litt. Berre å ta seg god tid. Opp mot Klakken var det nokon opptak, men mykje mindre utsatt, så raskt opp her.
Flott på Klakken, lettgått og fint terreng vidare.
Eg hadde ikkje tenkt å ta med Lisjetoren, men no var det god stemning. Raskt opp her - flott topp! Så kjekt å greit tilbake til bilen.
Super dag og super runde i flott haustvær.
Starttidspunkt | 30.09.2022 10:35 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 30.09.2022 13:44 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 3t 08min |
Bevegelsestid | 3t 00min |
Pausetid | 0t 8min |
Snittfart totalt | 3,1km/t |
Snittfart bevegelsestid | 3,3km/t |
Distanse | 9,8km |
Høydemeter | 1180m |
Kommentarer