Ulvanosa frå geitadalen (27.08.2022)


Start point Uskedalen
Characteristic Alpine climbing
Duration 12h 00min
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Ulvanosa (1,248m) 27.08.2022 20:54
Visits of other PBEs Geitadalen klatring (1,000m) 27.08.2022 08:25
Haugland kalkverk p-plass (125m) 27.08.2022 08:25
Dagens turmål: opp i hengedalen så veggen til topps.
Dagens turmål: opp i hengedalen så veggen til topps.

Tredje dag på veilederkurs klatring høgfjell i Uskedalen var langtur i alpint terreng. Sidan vi trengte litt snø til øving på snøteknikk hadde Lars og Trond Kristian sett ut ein skikkelig rundtur. Planen var å gå opp til breen i Geitadalen, ta demo på utstyr for brevandring samt bremseteknikk, før vi skulle klatre opp veggen mot Ulvanosa, og retur til fots tilbake til lavlandet.

Det var fint vær opp svaa mot Geitadalen, der deltakarane hadde fått ulike føringsoppgåver. Så her vart det både gelendertau og litt forskjellig.

Nydelig landskap og kjekt å kome seg til fjells. Eg og Sander hadde fått jobben med snømanndemo, og vi tok ein runde på det så alle fekk brukt utstyret sitt.

Kjekt i fjellet!
Kjekt i fjellet!
Demo av isøks og andre fine ting
Demo av isøks og andre fine ting

Vi delte oss så i to taulag og såg etter moglegheiter. Vi gikk for ei spennande og litt kort men ny rute litt i venstrekant av veggen. Her vart det tre taulengder på 3, 5+ og 5 før vi toppa ut midt på smalaste punkt på ryggen. Artig!

Første lengde. Ser bratt ut på bilete - noko det på ingen måte var.
Første lengde. Ser bratt ut på bilete - noko det på ingen måte var.
Opp i sola
Opp i sola
Fint!
Fint!

Eg fekk jobben å lede laget vidare her ifrå, og eg var litt usikker på terrenget, så eg fann ut at det var like greit å gå og sette standplass. Første utfordring var å kome seg opp eit litt kinkig opptak rett frå standplass, så her sette eg beina i kvar sin dal og reid meg over. Ikkje pent, men heller ikkje noko fare for fall i standplass :-P

Tilbake til der vi kom opp
Tilbake til der vi kom opp
...og vegen vidare
...og vegen vidare

Deretter leita Tomasz opp skillza, og bandt alle fire inn i eit vandrelag, så gikk det radig til topps.

Her var alle nøgde, og enda bedre vart det då eg oppdaga primærfaktoren på denne steinhaugen! Etter litt speiding etter ruter frå toppen av veggen rusla vi tilbake til lavlandet. Høidare!

Vi klatra opp litt til venstre for den oppsprekte isen
Vi klatra opp litt til venstre for den oppsprekte isen
På slutten av dagen var vi så innkjørte at vi gikk i takt
På slutten av dagen var vi så innkjørte at vi gikk i takt
Tilbakeblikk
Tilbakeblikk
Det har vore klatra i Uskedalen i uminnelige tider
Det har vore klatra i Uskedalen i uminnelige tider

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.