Dalegubben og Andreas-festival (20.08.2022)


Start point SæbA
Characteristic Trip by foot
Duration 4h 30min
Distance 9.0km
Vertical meters 1,300m
Map
Ascents Dalegubben (1,344m) 20.08.2022 17:05
Visits of other PBEs Dalegubben normalvei (1,000m) 20.08.2022 17:05

Helg på Sæbø med 40årsfeiring av vår gamle venn Andreas. Han hadde samla masse folk frå back in the days in Bergen til det som til alt overmål skulle bli ei finværshelg! Då kona var gira på fjelltur var eg rask med å drage fram Dalegubben som eit framifrå alternativ. God sti, flott utsikt, enklare enn Slogen, og primærfaktor på over 900m - nok av gode argument her altså!

Vi kom oss avgårde frå Pålgarden på Riise ca 11, og etter ein pitstop på Joker var vi på beina 1120. Først opp eit hogstfelt der nokon hadde gått amok med motorsaga og laga ein slags lokal skulpturpark, deretter litt bjørkeskog før vi var oppe i Skodalen. Herifrå gikk det berre ein veg, og vi var på toppen etter ca 2,5 timar.

Utsikta var til å ta og føle på, og både eg og kona var svært nøgde! Nesten 2 år sidan vi var på fjelltur saman utan ungar sist.

Returen gikk problemfritt, og etter ein høgst nødvendig softis vende vi nasen tilbake til Pålgarden, der festen allereie var i gang. Denne dagen hadde knapt byrja!

Dagen etter gikk turen til Tua på Sæbøneset. Ein adskillig meir krevjande tur.

Å vestland vestland
Å vestland vestland
Denne dissa er eit svært populært motiv på Instagram - litt uvisst kvifor
Denne dissa er eit svært populært motiv på Instagram - litt uvisst kvifor
Toppen!
Toppen!
Nøgd type, Kolåstinden bak
Nøgd type, Kolåstinden bak
Stilig nærområde!
Stilig nærområde!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.