Svartekari (16.08.2022)
Ascents | Svartekari (1,220m) | 16.08.2022 21:05 |
---|
I dag var det meldt regn og atter regn, så då var planen oppstart på jobb på Firda på formiddagen, så bruke dagen til å lage årsplan for undervisninga, før brattkortprøve med Lise, Maaike og Vigdis i hallen på ettermiddagen. Men har du sett - her klarna det fint opp. Ikkje kvardagskost denne sommaren. Sidan eg tilfeldigvis hadde med turkleder måtte dette sjeldne værvindauget utnyttast!
Eg køyrde opp Jardalsvegen, parkerte og la vegen mot Svartekari. Veldig fint tilrettelagt sti inn til den flotte Mardalsstøylen, så god T-sti heile vegen til topps. Meget fin tur. Flott terreng i veldig fine omgivnadar. Slo til med sokalla "underskya" vær.
Anbefalast som nærtur kring Sandane - eit mykje bedre alternativ enn til dømes Ryssdalshornet, som er mykje trask på grusveg.
Flott utsikt i alle retningar på toppen. Jardalen er veldig fin, og det såg fint ut å fortsetje runden "Jardalen rundt", som også er merka. Men eg måtte tilbake sivilisasjonen for brattkortkurset, som også gikk meget bra. Til tross for litt villmanns/villkvinns?-klatring og spektakulære fall fikk alle brattkortet sitt :-)
Start date | 16.08.2022 13:38 (UTC+01:00 DST) |
End date | 16.08.2022 15:27 (UTC+01:00 DST) |
Total Time | 1h 49min |
Moving Time | 1h 46min |
Stopped Time | 0h 3min |
Overall Average | 5.7km/h |
Moving Average | 5.8km/h |
Distance | 10.4km |
Vertical meters | 733m |
User comments