Holsegga og Sessegga vårski (03.05.2022)


Startsted Ryggjastøylen (409moh)
Sluttsted Ryggjastøylen (407moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Distanse 15,3km
Høydemeter 1368m
GPS
Bestigninger Sessegga (1304moh) 03.05.2022 17:23
Holsegga (1344moh) 03.05.2022 17:23

Endelig vart det anledning til ein tur i det flotte området sør for Gloppefjorden!

Startskotet frå Firda gikk 13, og deadline var oppmøte på Stårheim 18 då kona skulle på fritidsaktivitet med Eskil. Så her var det berre å peise på.

Ekstra vekt vart sløyfa ved å gløyme matpakken. Kor mange toppar skulle ein klare å harve over?

Hadde sikta meg ut Sessegga, med mulig bonustopp. Køyrde til Ryggjastøylen, tok skia på sekken og rusla avgårde. Etter ei stund kunne eg ta på skia og følge tilnerma samanhengande snø vidare.

Her gikk det berre oppover. Litt travelt er det sjølvsagt når deadlinen ligg i bakhaudet, men det er berre å gå på.

Etter time og kvarter var eg på Berdalsegga og såg mot Holsegga. Det måtte jo gå å få med den der på rimelig tid? Ja vi får prøve på det.

Veldig fint bortover der, tørr snø, nesten vindstille og nydelig skiterreng, og for ei utsikt då! Det e fint i Gloppen, altså!

Så var det straka vegen tilbake og oppom Sessegga, før det var av med fellane og signering ned fjellsida. Litt travelt med sånne små lette ski, men det vart jo svingar. Dei kunne ein sjå heilt neda sentrum, og synest ikkje dei var så verst, sjølv om dei tok litt tid å lage.

Tiltakande roten snø ned skogen før lett jogg siste stykket. Ferga rakk eg med god-ish margin, og eg var på tunet heime 17:58. Plenty med tid der altså!

Kjempefin tur til eit kjempeflott område!

Sessegga.
Sessegga.
|Gjegnen.
|Gjegnen.
Svett type som bør klippe skjegget, og flott varde på Holsegga.
Svett type som bør klippe skjegget, og flott varde på Holsegga.
Mot Hyenfjorden, og dei stilige hyllesystema.
Mot Hyenfjorden, og dei stilige hyllesystema.
Biletet gjer ikkje utsikta rettferd, men her var det veldig fin utsikt.
Biletet gjer ikkje utsikta rettferd, men her var det veldig fin utsikt.
Signatur, som det heiter på lokalspråket. Synlig heilt frå fjordlandsbyen
Signatur, som det heiter på lokalspråket. Synlig heilt frå fjordlandsbyen
Starttidspunkt 03.05.2022 13:34
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 03.05.2022 16:46
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 3t 12min
Bevegelsestid 3t 00min
Pausetid 0t 12min
Snittfart totalt 4,8km/t
Snittfart bevegelsestid 5,1km/t
Distanse 15,3km
Høydemeter 1368m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.