Bispen og kongen (06.08.2021)
Etter ein sommar der eg knapt har vore utanfor tunet var det no duka for sjølvrealiseringsweekend. Eigentlig skulle eg hatt assistentpraksis på klatrekurs i Jotunheimen denne veka, men etter å ha rota meg heilt vekk i Norsk Fjellsportforum sitt omfattande byråkrati, utgikk praksisen, og eg måtte finne noko anna å bruke eigentida på i staden. Heldigvis kunne Erlando stille på kort varsel, og vi avtala romsdalshelg. Hurra!
Eg kom til Trollstigen fredag ettermiddag i strålande vær. Sidan Erlend ikkje kom før til kvelden tenkte eg at det passa å krysse av eit par signaltoppar i mellomtida. Så eg pakka løpevesten og rusla mot Bispen.
Fint opp hit, og møtte mange taulag på toppen. Stilt og varmt. Deilig med ferie gitt!
Så var det Kongen då, den såg jo fryktelig bratt ut, og eg kom på mange grunnar til at eg ikkje skulle opp dit. Men så kom det jo den eine fjortisen i joggesko etter den andre ruslande ned. Ikkje at det fortel så mykje om høgdestyrke, men eg måtte i allefall gå oppover og sjå litt.
Overraskande luftig på ryggen opp tykte eg, men då eg kom inn i renna var det greit. Her var det ikkje utsatt, og det var berre å følge raudmerka oppover. Med unntak av eit klyveopptak som er litt høgt og tricky om ein ikkje har klatreerfaring. Forstår eigentlig ikkje at så mange tar turen opp og ned dette.
På toppen var det strålande utsikt, var her ei heil stund. Så dukka det opp ei med hjelm og GPS track frå ei renne på motsett side. Ho kom rett frå Dronninga. Det var ikkje langt ned dit, hmmm. Men eg hadde ikkje meir vatn og mat, og dessuten var det litt hårete terreng borti der. Det kunne ho stadfeste, og ho virka ganske proff på bratte saker. Så vi slo heller følge ned normalvegen.
Deretter vart det real i teltet og eit bad i vatnet før Erlend dukka opp og vi kunne byrje å tenke på morgendagens eventyr.
User comments