Innviing av nytt sportsklatrefelt på Lotsberg (!) (09.06.2021)
Andre besøkte PBE'er | Lotsberg klatrefelt (250moh) | 09.06.2021 |
---|
Torbjørn inviterte på førstebestigningsfest på det nye klatrefeltet han har utvikla på sjølvaste Lotsberg. Han gikk tre ruter på 7-talet, og prøvde på noko harde greier. Eg hadde nok med å kome meg opp to av 7min-rutene, og fekk førstebestininga på ei fin 6min-rute. Sidan ferga er lett høyrbar frå feltet, fekk eg lyst på svele medan eg klatra, så den kalla eg "Svelekameratane".
Fin plass! Dei har ordna seg bra på Lotsberg :-) Mykje flott ved var der også.
Kommentarer
Jasså!
Skrevet av ligroenb 11.06.2021 15:05Her tror jeg folk har klatra litt før også men kanskje ikke nylig :-) har sett på mulighetene flere ganger. Kjekt dere fant fram hit :-) blir gjerne med en gang om det lar seg gjøre? :-)
Sv: Jasså!
Skrevet av kobbenes 11.06.2021 15:09ja eg har høyrt rykter om klatring på lote før. men desse rutene er i alle fall nybolta
vi får få til ei økt i tauet ein dag :-)
vi jobbar med å få på plass eit større kurstilbod på hamna også, så då kan det jo vere at det blir mogletheiter for litt av kvart
Sv: Sv: Jasså!
Skrevet av ligroenb 11.06.2021 21:45så bra!! Er det bare vanskelige ruter? 6 - det letteste?
Skal forresten få sveler og kaffe her på tunet neste gang, men da må du varskue !! :-)