Lianibba og kalvedalsegga (16.03.2021)
Besteigungen | Lianibba (1.500m) | 16.03.2021 13:54 |
---|---|---|
Kalvedalsegga (1.465m) | 16.03.2021 13:54 | |
Besuche anderer PBE | Kjellstad parkering (325m) | 16.03.2021 13:54 |
I dag var det meldt ein litt ensom finværsdag, så den måtte utnyttast. Med dei fine meldingane ville eg litt opp i høgda, og etter litt tenking på snøforhold og diverse gikk eg for Lianibba.
Eg tok på skia omtrent rett frå parkeringa, tilstrekkelig med såle og 5 cm tørr nysnø. Men det var likevel litt magert opp gjennom skogen mot Tronstadsætra. Herifrå var det fint føre, og det gikk jamnt opp mot Lianibba.
Været slo ikkje heilt til, og skodda kom og gikk rundt toppane. Til dels ganske tjukke greier. Men eg gikk stort sett klar, sjølv om utsikta ikkje var den beste. Eg såg likevel nok til å la meg imponere over andre her på peakern, som tar mengder av desse bratte toppane aleine på ski i eit jafs, medan dei luftar hunden.
Vel vel, ryggen bort til Kalvedalsegga var av den trygge sorten, og det var for mykje skodde til å prøve seg på ytterligare raudnåler. Toppen av Kalvedalsegga var i skodda, så her gikk eg berre over og ned på andre sida, der eg hadde gleda meg til fint nedrenn i nysnøen.
Men nedrennet vart ikkje all verden. Det var masse harde formasjonar under, og for lite nysnø til at det gjorde ei veldig stor forskjell for køyrekomforen. Så då vart nedrennet meir transport enn livsnyting. Men under rette forhold må jo dette vere ein krembakke!
Uansett, alt i alt ein finfin runde!
Fleire bilete kjem kanskje
Startzeitpunkt | 16.03.2021 09:43 (UTC+01:00) |
Endzeitpunkt | 16.03.2021 13:44 (UTC+01:00) |
Gesamtzeit | 4h 00min |
Zeit in Bewegung | 3h 34min |
Pausenzeit | 0h 26min |
Gesamtschnitt | 3,6km/h |
Bewegungsschnitt | 4,0km/h |
Entfernung | 14,5km |
Höhenmeter | 1.345m |
Benutzerkommentare