Sosetur til Stadsheia og litt 2020-oppsummering (01.01.2021)


Characteristic Backcountry skiing
Map
Ascents Stadsheia (465m) 01.01.2021

På sjølvaste nyttårsdagen måtte eg ut i finværet, og eg tenkte at no måtte eg jammen kome meg på ski. For å unngå kø valde eg Stadsheia, og der var det ingen kø. Derimot var det rimelig frose på opp dei ellers våte myrene, og ikkje altfor mykje snø. Eg konkluderte med at på den dagen det var aller best fotturføre på denne ellers så blaute myrvåtten, så stilte eg med ski på beina. Men slik er det.

Så ser eg at 2020 oppsummerast på peakern, og det er morsomt å lese. Så eg slenger inn ei oppsummering sjølv: det vart eit annleis-år også for meg, og den store mengda heimekontor gjorde at eg fekk logga mange turar i bymarka. Men elles vart det ikkje anledning til dei store prosjekta. Turen med Ove og Torleiv til Breheimen i Mai står att som eit høgdepunkt.

For dei som likar tal ført inn i rekneark (og det gjer jo mange her på peakern) så vart dei som følger:
- 329 timar trim (litt opp sidan bunnåret 2019)
- 1154 Km
- 43643 hm
- 27 nye pf100-toppar
- like mange bestigninger (27) av Geitfjellet
- veldig lite klatring

Ellers har året vore prega av heilt andre tankar, og det heile enda med at vi bestemte oss for at no får NTNU berre vere, så skal vi prøve livet på landet. Vi flyttar til Stårheim i Nordfjord om nokre veker, og eit av måla er jo sjølvsagt at vi skal få boltre oss meir i naturen vi er så glade i - både fjellturar, klatring (minst 50 taulengder tenker eg), fiske på fjorden og teltturar i nærmiljøet, og kanskje nokon kurs for å bedre sikkerheita på dette fjellgreiene litt - i tillegg til mengder og mengder med oppussing. Vi gledar oss!

Så om nokon er i området og vil ha ein tur eller berre ein kopp kaffi medan ein ventar på ferga, er det berre å seie ifrå. På sikt får vi kanskje til overnattingsmoglegheiter også :-)

Godt nytt år!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.