Tøftfossen (27.11.2020)


Characteristic Ice climbing
Duration 5h 30min
Distance 6.0km
Vertical meters 500m
Map
Visits of other PBEs Drivstua parkering (689m) 27.11.2020 20:40
Tøftfossen (1,100m) 27.11.2020 20:41

Mats inviterte på fredagstur på Tøftfossen. Vi fikk også med belgiern Nelson, som er ein av dei skarpaste vinterklatrarane på Oppdal for tida. Sjølv går eg og lurer på om isklatring eigentlig er noko eg skal drive med lenger sidan eg blir så nervøs av det. Så i dag satte eg meg bakerst i taulaget for berre å kose meg.

På Oppdal var det -15, men heldigvis ikkje så kaldt ved Drivstua - nydelig vær. Det gikk radig opp laussnøen.

Mats gikk første taulengde, den vart kanskje 80m med litt løpande opp til standplass i hule i bratta. Mykje ishinne på snø så ein måtte vere forsiktig..

Så tok Nelson ledeskjorta og forsvann opp bratta. Tok litt tid, og det rasa ein del rusk og rask, så vi forstod at iskvaliteten var litt blanda. Når eg sjølv klatra etter byrja godkjensla å kome, og eg byrja å hugse kvifor dette var gøy. Mykje luft og snø i isen også oppgjennom her gjorde klatringa litt spennande til tider.

Siste lengda var litt enklare, og Mats tok den også, finfin uttopping på høgfjellet i finevær! Ein skulle jo berre hatt med telt og overnatta her oppe!

Ned snøflankar som vanlig, før vi oppdaga at det var Black Friday på VPG.

User comments

  • -
    avatar

    Hærleg :)

    Written by Eikås 27.11.2020 23:36

    Ser ut som ein lykkelig mann :)

    • -
      avatar

      Sv: Hærleg :)

      Written by kobbenes 28.11.2020 09:01

      haha, lykke blanda med stress kanskje? Eg har blitt meir pysete med åra.

      Men no skal vi gjere nordfjordingar av oss - vi flyttar til stårheim i slutten av januar. Så om du veit om litt is mellom jølster og nordfjord så får vi ta oss ei økt ;-)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Hærleg :)

        Written by Eikås 28.11.2020 23:16
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Hærleg :)

          Written by kobbenes 02.12.2020 14:12
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.