Harbakhelg (09.08.2020)


Characteristic Bouldering
Map
Visits of other PBEs Harbak 09.08.2020 22:10

Etter all springinga rundt i myr og lyng er det på tide å bli litt sterk igjen. Eg har eit litt ambivalent forhold til buldring: på den eine sida tar det så innmari mykje tid og innsats å bli bedre, og difor mister eg litt piffen av og til. På den andre sida er det den absolutt enklaste klatreforma å drive med, og når ein ikkje har allverdens tid så er det gull! Og når ein då er i form er det jo driiitgøy.

Og så har ein jo faktisk noko av verdens beste (ja faktisk) buldring på Fosen også då.

Denne helga opna det seg ein todager, og eg tok med teltet til Harbak laurdag. Det vart støting på Scum of the Slum (7A+) i hula sidan det regna, og eg sleit meg ganske godt ut. Det var nære, men eg kom som vanlig ikkje heilt i mål. Det er hardt på Harbak - alltid hardt. Deretter tok eg ein kveldstur med toppsanking på Linesøya, før eg åt kvelds i solnedgangen.

Dagen etter kom Pål Christian, og vi prøvde oss litt på Big Youth (7A+), og fikk i det minste øvd inn flytta, før vi prøvde litt på Små Muser (7A) som eg har gått før. Men det er lenge sidan og no fikk eg ikkje til så mykje. Deretter avslutta vi med å ikkje klare Vertigo (6C). Men den skulle eg klart om eg hadde litt meir piff i kroppen.

Som vanlig vart oppvarmingsbulderet det hardaste eg gikk på Harbak denne gongen også. Men med litt meir trening utover hausten, så skal det bli sending av både det eine og det andre. Neste gong!!!!!!!!

Store fine steinar
Store fine steinar
Andre ting som har dukka opp på Fosen også. Desse er jo over alt!
Andre ting som har dukka opp på Fosen også. Desse er jo over alt!
Pål Christian på Big Youth
Pål Christian på Big Youth

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.