Dronningkrona og Sunndalens høgsong (19.06.2020)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 00min
Distance 16.0km
Vertical meters 1,700m
Map
Ascents Dronningkrona (1,816m) 19.06.2020 18:27
Visits of other PBEs Sanden Parkeringsplass (182m) 19.06.2020 18:26
Dronningkrona fra Sanden (1,500m) 19.06.2020 18:26
Jau, jadda. Det har blitt tatt bilete av før dette greiene her.
Jau, jadda. Det har blitt tatt bilete av før dette greiene her.

Etter at heile stabelen av årets søknadar var innsendt, sat eg og lurte på om nokon kom til å sakne meg på heimekontoret denne fredagen. For det var nemlig panserhøgtrykk og uvanlig store snømengder, og eg hadde ein viktig ryddejobb å gjere i Sunndalen. Teiknestiften på superklassikaren Dronningkrona lyste framleis grått og matt mot meg frå liste etter liste. Kor lenge kunne det stå slik?

Det var særdeles varmt gjennom Oppdal, og ned Sunndalen. Sunndalen altså, for ein plass. Eg blir ikkje vand til denne dalen - den er så brutal og så vakker. Det er signaltoppar heile vegen frå Gjøra ned til Øra. Veggar, toppar, fossar, alpinruter, isruter, traversar, sætrer, bjørkeskogar, blomster - no var alt i sin midtsommars prakt. Hetebølga hadde satt alle fossane på max. Hjartet sang i blomsterlukta. Elskar ein fjell så elskar ein Sunndalen.

Oppe på parkeringa viste målaren 26 grader. Det var rimelig hett for slike som meg, som ikkje akkurat oppsøker varmen. Eg såg snø i høgda men var likevel spent på om dette vart noko til skitur.

I skogen var det svalt der stien gikk langs ein flaumstor bekk. Open blandingsskog av bjørk, rogn, or og litt furu - mykje dødt treverk og rik skogbotn gav ein veldig flora og fauna. Tretåspett, sommarfuglar av ulike slag. For eit naturens skattkammer!

Eg fulgte stien til rett over tregrensa, der eg fann to par sko som stod ved ein stein, og skispor ut på snøfeltet. Herifrå var det nesten samanhengande snø heilt til topps. På med skia, så var det berre å labbe avgårde mot den berømte 1000metersbakken, med opptrakka spor.

1000 meter snøbakke er jo litt, det er jo det. Men man kjem jo opp til slutt. Og utsikta var jo i storformat! Milde måne.

Viromkjerringa viser seg frå skogen
Viromkjerringa viser seg frå skogen
Furålnebba blir mindre og mindre frå 1000metersbakken
Furålnebba blir mindre og mindre frå 1000metersbakken
Mykje vertikalt på liten plass! Dronningrona, Kaldfonna, Storkalkin, Kalknebba og litt av Hovsnebba
Mykje vertikalt på liten plass! Dronningrona, Kaldfonna, Storkalkin, Kalknebba og litt av Hovsnebba

Eg byrja å ta igjen dei to som hadde gått føre, og dei la ei rute i fornuftig avstand til dei kanskje 15-20 meter høge skavlane over auststupet.

Så var det berre sjarmøretappen til topps. Eg registrerte 4,5 timar opp her, og noterte meg at Arve som pushar 60 hadde brukt 3.5 time bil til bil. Farta er tydeligvis noko som kjem med alderen.

Siste bakken mot toppen. Kongskrona bak.
Siste bakken mot toppen. Kongskrona bak.
Blid type på toppen
Blid type på toppen
Kongskrona, Trolla, Tåga
Kongskrona, Trolla, Tåga
Foran: han blide typen. Bak: 1000 meter med draumeslush.
Foran: han blide typen. Bak: 1000 meter med draumeslush.

Eg tok ein prat med dei to sporsettarane, eit hyggelig par frå Kristiansund, før det vart lating i sola i vel 40 minutter, med nyting av utsikt og alt atpå.

Eg måtte sjølvsagt bort å sjå på egga mot Kongskrona, og det såg ut som ein morsom tur å ta begge frå Grasdalen.

Det har slått meg at Dronningkrona og Kongskrona er litt kjedelige navn. Kva med å kalle dei opp etter dei virkelig royale i desse fjella: Johan Solbergs Tind, og TopGunToppen (evt Gunn Sandes Tind, Topp-Gunn, Gunn-Toppen?). Køyr debatt!

Men alt har ein ende, og ein kunne jo ikkje ligge her oppe og sole seg heile dagen. Så tide å kome seg nedatt. Bortover topplatået var det såpass sugeføre at alt gikk greit utan fellar. Deretter var det berre å svosje ned 1000metersbakken på verdensmeterslush. Eg er ingen stor skikøyrar, men her var det berre å vrikke på baken så svinga ein. Nede heile driten på vel under 10 min. Deretter var det berre å hoppe i skoa og senke seg ned gjennom regnskogen. Tilbake til bilen var klokka halv 7, og det var 28 grader.

Gjennom Sunndalen fylte blomsterlukta bilen, og midtsommarskvelden bada toppane i dust rosa lys. Fossane kasta seg utfor stupa og ned i bjørkeskogen, og Driva skumma grønblå og vårstor. Etter ein lang vinter var det som alt var i full skrud, som om naturen hadde hastverk i den korte sommaren. Elskar ein fjell så elskar ein Sunndalen – og ved midtsommar brusar den elskande for fullt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.