Holåtindan frå Sottjønnbu (21.05.2020)


Start point Sottjønnbu
Characteristic Backcountry skiing
Duration 8h 30min
Distance 30.8km
Vertical meters 1,829m
Map
Ascents Gjelhøi (1,982m) 21.05.2020
Austre Holåtinden (2,043m) 21.05.2020
Midtre Holåtinden (2,047m) 21.05.2020
Vestre Holåtinden (2,039m) 21.05.2020

Første turdag med toppsamling frå Sottjønnbu med Boven og Kroksleiven etter at vi gikk opp til hytta dagen før. Det var litt skiftande skydekke men vi var likevel optimistiske - dagen i dag hadde dei gildaste turmåla for min del - Holåtindane. I tillegg var Gjelhøi og Grønntjønnhøi også på menyen.

Turen var bereikna til 3 mil og 1500 høgdemeter - med god margin min lengste skitur. Vi diskuterte om vi skulle ta runden med eller mot klokka, men enda med klokka. Kanskje hadde vi fått ein litt bedre turopplevelse om vi hadde gått andre vegen, og fått finare vær over Holåtindane, men men.

Over breen med Austre Holåtind bak
Over breen med Austre Holåtind bak

Vi passerte Tundradalsbandet, over 1515-vatnet, opp over skaret sør for Ytre Gjelhøi, over Ytre Gjelåbreen, og opp til Gjelhøi. Føret var av den sugande sorten. Det låg skodde vestover, og denn kom og gikk over Holåtindane, men det såg ikkje verst ut. Gjelhøi skulle diverre bli einaste topp med utsikt denne dagen. Men det var også ei finfin utsikt over dei tre Holåtindane.

Solskinnstoppen Gjelhøi finn du på "Bovens Norske Kremtopper"
Solskinnstoppen Gjelhøi finn du på "Bovens Norske Kremtopper"
Utsikta frå Gjelhøi var det ingen ting å seie på. Austre og Midtre Holåtind.
Utsikta frå Gjelhøi var det ingen ting å seie på. Austre og Midtre Holåtind.

På veg til Austre Holåtinden tetna det til. I skaret traff vi tre stykker som nett hadde vore opp. Dette var dei einaste vi snakka med på heile turen. Svært positivt med så lite folk, tykte nordfjordingane. På toppen var det lite sikt, men slik kan det jo vere. Kanskje det letna snart.

På veg til midtre tetna det til, så her var det fram med GPSen både for å finne vestryggen og for å finne vegen opp.

Til vestre var det enda meir GPS, og no byrja det bli litt småsurt. Så vart alle tre bestige i grautskodda. Eg og Kroksleiven har jo ein slags tradisjon om turar i skodde, så dette vart jo pluss i margen i så måte.

3x2000: Austre, Midtre og Vestre Holåtind.

Etter all skodda utgikk Grønntjønnhøi, etter spake protestar frå Kroksleiven som gjerne ville ha den til Sogn & Fjordane-lista si. Så vart det GPS tilbake til skaret ved Ytre Gjelhøi, og dryg marsj tilbake til hytta for Real XXL turmat med ekstra potetmos. Boven måtte visst tøye etter turen også.

Vel vel, ein fin tur likevel! Om ein skal kome seg på tur kan ein ikkje gå å vente på finværet. Mil etter mil på ski gav meirsmak! Kjekt å vere ute i fjellet sjølv om utsikta uteblei, og fire raudnåler og listetoppar gjer sjølvsagt saken berre bedre!

Boven sin rapport med GPS her

God stemning på midtre
God stemning på midtre
Skoddefjellfie.
Skoddefjellfie.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.