Toppsamling frå Sottjønnbu med Kroksleiven og Boven (20.05.2020)


Start point Sota Sæter
Characteristic Backcountry skiing
Duration 2h 30min
Distance 6.0km
Vertical meters 755m
Map
Visits of other PBEs Sota Sæter (743m) 20.05.2020
Sottjønnbu (1,495m) 20.05.2020
Tundradalskyrkja
Tundradalskyrkja

Desse mai-dagane hadde eg moglegheit til å stikke på tur, og eg ville kome meg i høgfjellet på ski. Litt på måfå sende eg ei melding til Kroksleiven om han var gira, og like etter ringde telefonen: Kroksleiven og Boven hadde hive seg rundt og leigd Sottjønnbu frå onsdag til laurdag. Her skulle det bli mil etter mil og topp etter topp i Breheimen! Ja, lite visste eg at Måfå ligg like ved Breheimen (i Bøverdalen faktisk). Så slik kan det gå - eg takka sjølvsagt ja til invitasjonen på flekken.

Fjellskiekspertane frå Nordfjord har svært lange skiturar fulle av høgdemeter og raude teiknestiftar som spesialitet. Dei bedyra si dårlige form. Berre tull sjølvsagt. Om eg ikkje hadde forstått det før, så vart det rimelig raskt klart der Boven skreva oppover slushen frå Sota Sæter i bra tempo. Heldigvis måtte han bak eit tre, så ein fekk henta seg litt inn.

Meget lovande på veg til bua.
Meget lovande på veg til bua.

Første kvelden, onsdag, skulle vi berre opp til hytta. Strålande vær. Så skulle vi gå turar så langt været rakk torsdag, fredag og kanskje laurdag. Men det var diverre meldt dårlig vær frå fredag kveld. Det var dessutan stor skredfare, så Tverrådalskyrkja var utelukka frå turplanane allerede frå parkeringa.

Uansett, dette vart ein mektig tur der eg lærte ein heil masse som førstereisgut hjå langturspesialistane: alt frå pedagogisk kultur på Eid Ungdomsskule, programtilbodet til NRK kring årtusenskiftet, korleis lure seg unna konfirmasjonshelger i langelger i mai, til utedogåing i noko som likna sterk storm.

Torsdagen fekk vi ein lang tur på Gjerdhøa og Holåtindane, først med OK vær på Gjerdhøe, deretter skodde på resten. Rapport her, og Boven sin rapport her.

Fredagen kutta vi nokon høgprofilerte turmål, og gikk for dei litt meir eksklusive Grønntjønnhøi og Krossbakkenosi i til dels ufyselig vær. Rapport her, og Boven sin rapport her

Laurdag var det framleis dårlig vær, så då rann vi berre tilbake til Sota, der det var fint vær og vår. Men vi såg jo at uværet framleis låg i høgda. På veg heim til Trondheim derimot, var det finevær på Dovre, så eg fekk helgas einaste solskinstur på Hjerkinnshøe.

Tundradalskyrkja og ein svært vindutsett utedo
Tundradalskyrkja og ein svært vindutsett utedo
På Sottjønnbu må ein skaffe sin eigen mat
På Sottjønnbu må ein skaffe sin eigen mat

Takk for turen, Ove og Torleiv. Dette var jammen greier!

"Æ land itj me de samme når æ ændeli har taitt a" som han Bjarne syng. Dette gjeld for nordfjordingar også (sjølv om desse to sovna ganske tidlig)
"Æ land itj me de samme når æ ændeli har taitt a" som han Bjarne syng. Dette gjeld for nordfjordingar også (sjølv om desse to sovna ganske tidlig)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.