Forsøk på koronapannekaker i Bymarka (21.03.2020)


Map
Visits of other PBEs Skistua Parkering (433m) 21.03.2020

Ja kva skal ein gjere i desse koronatider? Sitte heime og slå kvarandre i haude med fjernkontrollen? Nei trur ikkje det.

Vi har jo lenge hatt ambisjonar om å bli ein turfamilie, men enn så lenge har det vore meir fristande å stikke på tur aleine. Sidan vi no er litt stuck i heimen måtte vi altså få alle med ut. Planen var å finne ein stad å fyre opp kokeapparatet for litt pannekaker i finværet.

Vi var ikkje dei einaste med brakkesjuke i dag - det var smekkfullt med folk i bymarka, og alle parkeringsplassane var opptatt. Ein koronasjuk italiener opp i her og midtnorge blir farga raudt på det kartet til nrk.no med det samme. I sentrum derimot, var det folketomt. Kanskje burde vi gått på kafé i staden?

Nam nam, her blir det fleskepannekaker!
Nam nam, her blir det fleskepannekaker!

Vi fann ein parkeringsplass ved Skistua, gikk over isen på Blomstertjønna, og laga camp under ei furu. Deretter kjapt igang med pannekakesteikinga. Alt låg til rette for prima stemning. Vi hadde tilogmed The Boss sjølv rungande mellom granleggane frå eit festlig lag lenger oppe i lia. Jaddah.

Men så bestemte minstejenta seg for at det var ho som skulle styre med multifuel-apparatet. Når ho ikkje fikk lov til det gikk ho fullstendig i kjellaren, og laga så sur stemning at folk rundt oss byrja å forlate solveggen (sjølv om dei holdt covid-avstand og vel så det). Til slutt såg vi at slaget var tapt vi også, og rusla tilbake til bilen. Då var samme jenta storfornøgd med at ho hadde ruinert heile driten, og sang poppeloppane-sang heile vegen tilbake til heimen.

Vel vel, deilig vær og kjekt å kome seg ut då! Man må ta det som det kjæm.

User comments

  • -
    avatar

    Flashback

    Written by SturlaS 22.03.2020 14:04

    Har hatt noen oppleveles til samme melodi oppgjennom årene.

    Erfarte tidlig at XX ≠ XY

    • -
      avatar

      Sv: Flashback

      Written by kobbenes 23.03.2020 08:17

      hehe, det kan jo være. vi får sjå. Eskil har jo øydelagt sin andel hyggelige turopplevingar han også oppover, så vi får summere opp når dei blir 20 ;-)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 21.03.2020 23:00

    Tenkjer ho var godt fornøgd med innsatsen, ja :-) Ble det noe pannekakeeting i det hele tatt?

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 23.03.2020 08:17

      ja eit par pannekaker vart det, men avslappande var det ikkje :-D

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.