Gråhøa og Oppdalshøa med JoSo (08.02.2020)


Start point Bekken gård
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 00min
Map
Ascents Dugurdsmålhaugen (1,371m) 08.02.2020 14:19
Gråhøa (1,493m) 08.02.2020 14:20
Oppdalshøa (1,374m) 08.02.2020 14:20
JoSo mot Oppdalshøa
JoSo mot Oppdalshøa

Det dukka opp ein turdag, og eg ville ha meg ein tur til fjells med ski på beina. Ettersom det var farevarsel av både den eine og andre sorten denne veka trengde det ikkje bli den mest ambisiøse turen. Eg sende avgårde ei melding til Oppdals milslukar og lokalkjendt #1 Johan om han kunne anbefale nokon høvelege turar. Det kunne han, og han lurte også på om han kunne slenge seg med. Det var jo hyggelig!

Så då vart det eit lite peakbooktreff til Gråhøa og Oppdalshøa. Eg var litt spent på om denne slitne småbarnsfaren ville klare å holde følge med ein kar som lett kan gå tur-retur Oppdal-Kebnekaise på ein ettermiddag, men han lova å justere farta etter behov.

Johan kjende bonden på Bekken gård, og hadde tinga parkering allerede dagen før. Deretter bar det opp tvilsomt føre gjennom bjørkeskogen, før vi kom opp på snaufjellet i finfint vær, og mykje mindre vind enn det var meldt.

På Gråhøa var det likevel nok trekk til at vi berre skreiv oss i boka og kom oss vidare. Vi var første besøkande i år. Deretter sklei vi mot Oppdalshøa, som tok seg godt ut.

Det gikk raskt opp hit, men eg merka no at det var lenge sidan frokost. Så det vart ståande lunch medan praten gikk om fjell, lafting og felles kjentfolk (brødrene Orheim). Deretter sklei vi fint tilbake til nedfarta.

Sjølve nedfarta gjennom bjørkeskogen var eit skammens kapittel. JoSo hadde gjort dette før og seila lett ned gjennomslagsføret. Min stil var prega av nett det: gjennomslag. Eg trillar meg eit terningkast 3.

Deretter vart det kaffi og kanelbollar i det flotte lafta-huset til Johan før turen gikk tilbake til Trondheim.

Takk for trivelig turfølge Johan!

User comments

  • -
    avatar

    Gråhøa og Oppdalshøa

    Written by JoSo 08.02.2020 22:40

    Takk for en fin tur i hjemmefjella mine, Kristian! Og ikke minst prat om laust og fast og alt og ingenting... ;-) Kjekk lørdag!

    • -
      avatar

      Sv: Gråhøa og Oppdalshøa

      Written by kobbenes 09.02.2020 06:55

      sjølv takk for ein trivelig dag!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.