Mosvarden (30.12.2019)


Start point Bugaeden (110m)
Characteristic Jogging
Duration 11h 00min
Distance 12.0km
Vertical meters 525m
GPS
Ascents Mosvarden (552m) 31.12.2019 06:39

Tradisjonen tru måtte eg ha meg ein julejogg til Mosvarden. Denne gongen baud det på litt meir utfordrande forhold. Sidan englebarna er litt "aktive" for tida må turaktiviten foregå etter leggetid (i bekmørkna), og sidan det er realt sunnmørsk julevær (sidelengs regn) så er slike turar av den karakterbyggande sorten.

Men, eg klarer liksom ikkje la være, så slik vart det. Eg sprang grusvegen opp mot Mosvatnet, eg hadde eigentlig berre tenkt meg dit, før eg vart magnetisk drege ut i lyngen. Rimelig stivt på toppen - skodde og generelt rusk og rask.

Ned att hadde eg tenkt å nytte meg av ein ny grusveg som etter sigende skulle gå over vikeskaret. Litt feilnavigering ned mot Røde-Kors-hytta, før eg kom ned til dalen der eg skulle kome inn på denne grusvegen. Ingen grusveg å sjå, berre meir sti/elv i eit myrlandskap prega av piskande sidelengs regn. Det byrja ane meg at kilden min ikkje hadde gått her sjølv. Vel vel, slik er det. Til slutt kom eg jo inn på grusstien lenger nede.

Eg skulle jo hatt nokon bilete frå dette ruskeeventyret, men det hadde betydd døden for telefonbatteriet. Men indre bilete er som kjent dei sterkaste.

Godt nytt år!

Start date 30.12.2019 19:49
(UTC+01:00)
End date 30.12.2019 21:20
(UTC+01:00)
Total Time 1h 31min
Moving Time 1h 31min
Stopped Time 0h 0min
Overall Average 7.9km/h
Moving Average 7.9km/h
Distance 12.0km
Vertical meters 524m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.