Isklatring på Engan - Kleivkallen (WI4 80m) (15.12.2019)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Skiferbruddet Engan 15.12.2019
Ulf ser nøgd ut etter bestigning
Ulf ser nøgd ut etter bestigning

Det opna seg ei moglegheit for å lufte seg litt, og når valget stod mellom julebord og friluftsliv fall valet lett på det minst slitsomme: friluftsliv.

Eg ville klatre litt is, men sidan alle mine venner er småbarnsforeldre er det vanskelig som pesten å finne nokon som har tid. Eg tok difor ein sjangse, og spurte nokre ungfolar frå Tindekluben si korrekturlesegruppe om dei var gira på tur. Dei var forsåvidt ikkje så mykje yngre enn meg i alder. Men, sidan dei ikkje har ungar har heller ikkje aldringsprosessen deira skutt drastisk fart enda.

Dei hadde sjølvsagt eit hav av tid og kunne klatre når som helst, så vi plukka vi ut søndag, og eg foreslo litt cragging på skiferbrotet på Engan i Drivdalen.

Eg sat på med Ulf til Oppdal, der vi møtte Odd Rune og Ragnhild på CircleK, før vi dura vidare til skiferbrotet. Store linjer til å vere eit cragg, gitt. Litt større forhold enn ein får inntrykk av på bileta.

Odd Rune og Ragnhild hadde oppdrift, og gikk rett på Orwell (WI4+). Ulf og eg satsa på den store klassikaren, Kleivkallen (WI4).

Ulf starta sakene, og det vart raskt klart at dette var jobb. Isen var knallhard og rasa av i store flak. Men Ulf hold roa og leda opp bratta i god stil, før han sette standplass rett ovanfor cruxet.

Eg fulgte på og kunne bevitne den dårlige iskvaliteten. Deretter gjekk eg vidare i litt lettare terreng. No kom også Odd Rune joggande forbi på naboruta Kleivbrura, og snakka om smøris og god stemning.

Vi gikk forbi hylla der dei fleste nok stoppar og opp neste opptak. Her var det lett klatring og smøris, før stand i ei solid bjørk.

No var det berre å konstatere at dette var alt vi fikk tid til i dag, så då var det to rappellar og to wienerz på CircleK før det vart straaakaste veg tilbake til barteby.

Takk for at eg fekk vere med Ulf, Odd Rune og Ragnhild!

Kleivkallen til venstre (Ragnhild rappellerer av) og Kleivbrura til høgre
Kleivkallen til venstre (Ragnhild rappellerer av) og Kleivbrura til høgre

User comments

  • -
    avatar

    Kort anmarsj!

    Written by SturlaS 21.12.2019 17:55

    Like kort anmarsj som i Rjukan :)

    Blir det trønderjul i år? Jeg har tenkt å få luftet Nomic'ene i jula så hvis du er ledig kan vi kanskje gjøre noe i Drivdalen?

    • -
      avatar

      Sv: Kort anmarsj!

      Written by kobbenes 21.12.2019 18:28

      ja det er gull når målet først og fremst er å få klatra litt - men desse linjene er sannelig store nok når ein kjem innpå dei!

      det hadde vore kjekt å tatt ein tur saman! jula er diverre fullbooka, med besøk og fullt hus i julehelga, også til sunnmøre tredje dag til over nyttår. men vinteren er jo enda ung! har du nokon prosjekter i tankane?

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Kort anmarsj!

        Written by SturlaS 21.12.2019 18:35
  • -
    avatar

    Fint friluftsliv!

    Written by Eikås 21.12.2019 10:42

    Er så enig i valget ditt der :) Isklatring har eg ikkje testa! Det skulle vore artig å prøvd ein dag!

    • -
      avatar

      Sv: Fint friluftsliv!

      Written by kobbenes 21.12.2019 11:45

      Du får høyre med Odd Rune, han er frå Breim og snakkar varmt om alle islinjene i våtedalen :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.