TV-fossane i Drivdalen (24.11.2019)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Hesthåggån isklatring (745m) 24.11.2019

Isklatretur i Drivdalen med Pål Christian. Det vart svært lite is i fjord, og ellers har vel psyken vore litt skral etter at eg har følt strikken har vore tøya litt. Om den faktisk har vore tøya, eller om det er reproduksjonen som har gjort meg meir bekymra veitast ikkje. Uansett var målet i dag kos heller enn hard og farlig støting. Valet fall på TV-fossane - kort anmarsj og moderat klatring.

Vi byrja på venstre TV-foss. Første lengde var treerklatring, og ærleg tala - her måtte det bankast vekk ein del rust på ledeforma. Men eg kom opp. Vidare såg det lett ut, og Pål Christian som ikkje har leda så mykje gav seg i kast med toppen.

Men det var ikkje så lett som det såg ut, og han fira seg tilbake til standplass. Eg tok over stafettpinne, og her vart det litt brattare. Smøris og firerklatring. Bratt og homogen is kan jo vere meir avslappane å klatre enn rotete trearis full av snø, så her kom godkjensla sigande.

Etterpå gikk vi til Høgre TV-foss. Vi hadde ikkje så lang dag i dag, så her var ikkje ambisjonen uttopping. Pål Christian tok første opptaket opp til ei stor hylle, så klatra eg opp neste, som var 5-6 meter med bratt is før eg sette standplass i eit overheng. Super is og artig å kome seg litt skikkelig i vertikalen. Synest den var hardare enn 3+ i dag.

Her sa vi oss nøgde, og tok abalakov nedatt. God oppvarming til comeback på det glatte element?

Venstre TV-foss (WI3+ 80m)
Venstre TV-foss (WI3+ 80m)
Pål Christian klør seg i hovudet (hjelmen) over korleis han skal kome seg opp her
Pål Christian klør seg i hovudet (hjelmen) over korleis han skal kome seg opp her
Skjørtet (WI5-). Synest dette såg bra bratt ut, er det tidlig på sesongen eller er gradene i Drivdalen hardt skrudd til? To lokale heltar spaserte opp medan vi var her, så umulig var den tydeligvis ikkje
Skjørtet (WI5-). Synest dette såg bra bratt ut, er det tidlig på sesongen eller er gradene i Drivdalen hardt skrudd til? To lokale heltar spaserte opp medan vi var her, så umulig var den tydeligvis ikkje
Høgre TV-foss, smørisbonanza
Høgre TV-foss, smørisbonanza

User comments

  • -
    avatar

    Gradering

    Written by SturlaS 25.11.2019 07:27

    Da er sesongen i gang!

    Gradering på is er vanskelig da forholdene kan variere veldig. Jeg har klatra is andre steder der graderingen er en del softere enn i Drivdalen..

    • -
      avatar

      Sv: Gradering

      Written by kobbenes 25.11.2019 10:18

      ja den faktiske vanskeligheitsgrada er jo heilt avhengig av iskvaliteten. men isgradene er jo eigentlig berre angiving av lengd pa vertikale seksjonar.

      WI3 er near-vertical steps up to 4 meters, wi4 er near-vertical opp til 6 meter, og wi5 er near vertical/vertical opp til 20 meter.

      I gar var venstre tv-foss I grenselandet 3/4, kanskje over pa 4 fordi toppen var litt teknisk og heilt vertical, hogre hadde eit near vertikalt pa 5 meter, og skjortet var heilt vertikalt I 15 meter. men alt dette kan jo endre seg med meir bygging av is.

      etter a ha klatra I usa og her er den store ulikheita at isane er litt store her, og iskvaliteten er meir variabll, og at det difor krevjest meir erfaring

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Gradering

        Written by SturlaS 25.11.2019 10:49
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Gradering

          Written by kobbenes 25.11.2019 20:51
          • +
            avatar

            Sv: Sv: Sv: Sv: Gradering

            Written by SturlaS 25.11.2019 21:07
            • +
              avatar

              Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Gradering

              Written by kobbenes 25.11.2019 21:12
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.