Sunndal dobbel del 1: grøvelnebba (08.09.2019)


Duration 4h 54min
Distance 12.7km
Vertical meters 1,505m
GPS
Ascents Mohaugen S1 (1,335m) 08.09.2019 21:34
Mohaugen S2 (1,347m) 08.09.2019 21:34
Fulånebba (1,234m) 08.09.2019 21:34
Grøvelnebba (1,428m) 08.09.2019 21:34
Visits of other PBEs Sanden Parkeringsplass (182m) 08.09.2019 21:34
Fulånebba fra Sanden (1,000m) 08.09.2019 21:34

Denne helga var det duka for store ting i Innerdalen! Eg skulle ha meg ein todagers, og planen var som følger.

Søndag: køyre til Innerdalen, gå Grøvelnebba som oppvarming, så gå til Renndølssætra og telte.
Mandag: tidlig start frå Renndølssetra, så gå heile driten rundt Renndalen, frå Snøfjellet til Kringlehøa, og returnere til bartebyen som fjellets milslukande Apollon.

Første fartsdumpen kom allerede på Berkåk, då eg oppdaga at alt campingutstyret låg att i gangen heime. Gulp. Vel vel, då får eg ta inn på Innerdalshytta i staden.

Andre fartsdump kom i Viromdalen, då eg køyrde PANG på ein fartsdump fordi eg stirra og stirra på fjella.

Tredje fartsdump PANG! kom like etter. Veldig vanskelig å sjå desse fartsdumpane, særlig når ein ikkje ser på vegen.

Fjerde fartsdump, som gjorde meg litt meir betenkt, var all nysnøen i høgda. Det var omtrent samanhengande nysnø frå Snøfjellet (!) til Slanglifjellet. Ikkje ideelt.

Eg parkerte deretter ved Sanden parkering, og byrja oppturen mot Grøvelnebba. Grøvelnebba ein jo ein av dei virkelig flotte profilane i området. Den er ikkje så dominerande saman med dei andre innerdalsfjella, men frå fjorden er den virkelig ein stilig topp med den fine toppkrona.

Stemning i bjørkeskogen
Stemning i bjørkeskogen

Det var ikkje heilt rett fram å finne stien, og den byrjar ikkje der det er angitt på sporet på Peakbook. Ein må til høgre bort mot marka, og opp i enden av denne der nokon har greve eit hol. Dette holet var ikkje nytt, så det er der sikkert ei stund enda. Finn dette holet. Føl ein den gamle lysløypa kjem ein ganske rett på, men lysløypa var ganske gjengrodd av høgt gras.

Ved holet byrjar ein litt utydelig sti gjennom eit gammalt led og oppover. Stien blir så tydeligare etter kvart. Etter at ein passerer ei jakthytte rett under tregrensa så er det enkelt å sikte seg inn på vestryggen til Mohaugen S1.

Grøvelnebba er flott!
Grøvelnebba er flott!
Fin rygg på Mohaugen S1
Fin rygg på Mohaugen S1
For ein fin topp!
For ein fin topp!

Opp mot ryggen kom eg inn på nysnøen, og det var meir enn eg trudde. Oppe på flata var det bra mykje bærande snø, og eg gjekk meg på spora etter nokon andre som var på veg opp. Eg fulgte så desse gjennom nordvestflanken og inn på vestegga. I flanken hadde det til alt overmål gått eit lite ras, så her var det berre å skunde seg forbi.

Bort her. Ikkje få stein i haude.
Bort her. Ikkje få stein i haude.

Eg traff følget på fire då eg kom inn på vestegga, og fulgte spora deira opp. Ein del nysnø, men den var hold i så det gikk fint. Eit par plassar er det litt utsatt, men klyvinga er enkel. Så om ein ikkje er stein som ei røys oppi her er det ikkje veldig risikabelt.

Høgt ned som vanlig i Sunndal
Høgt ned som vanlig i Sunndal

På ein måte kjendest det litt feil å ha bestige flotte Grøvelnebba på denne måten. Ho hadde fortent ei bestigning på ryggen, med litt protection før ein når siste toppen. Men i staden sneik eg meg inn bakfrå som ein annan trøndersk arbeiderpartipolitikar. Neste gong, Grøvelnebba, lovar eg å vere litt meir taktfull. Men på den andre sida, må ein så må ein...

På toppen var det snødekt, så ikkje noko å setje seg ned og bli blaut i raua etter. Skreiv meg inn i boka, såg på utsikta og litt på traversen mot sør, som var full av lausgods, før eg gjekk ned same veg. For å unngå fallsona i flanken ville eg gå litt lenger ned, så då gjekk eg innom Fulånebba også. Intet nytt å melde herifrå. Deretter tilbake til Mohaugen S1 for nedstigning.

Woop woop!
Woop woop!

Eg var veldig i tvil på om morgendagens tur hadde noko føre seg med all denne snøen. Og då eg byrja ned ura frå Mohaugen var det klinkande klart: blaut og sleip nysnø i all denne ura er uaktuelt. Eg kom på fleire ting som frista meir enn og sitte opp på Skjærdingefjellet i morga med knekt ankel og generelt dårlig stemning.

Toppkrona sett frå Furålnebba
Toppkrona sett frå Furålnebba

Men kva skulle eg gjere då? Blikket drog seg mot Smisetnebba, der den stod snøfri og flotta seg med alle dei kvalitetane som peakbookerar vert så sjarmerte av. Skulle eg gi jernet opp dit i dag, så køyre til Trondheim i kveld? Så fint det var ned bakkane mot Sanden var det i alle fall synd om dagen skulle vere ferdig heiltenda.

Start date 08.09.2019 11:58
(UTC+01:00 DST)
End date 08.09.2019 16:47
(UTC+01:00 DST)
Total Time 4h 48min
Moving Time 4h 24min
Stopped Time 0h 24min
Overall Average 2.6km/h
Moving Average 2.9km/h
Distance 12.7km
Vertical meters 1,505m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.