Skagastølsryggen (26.07.2019)  6


Start point Turtagrø
Characteristic Alpine climbing
Duration 24h 00min
Distance 18.0km
Vertical meters 1,880m
Map
Ascents Nørdre Skagastølstinden (2,167m) 27.07.2019 22:25
Skagastølsnebbet (2,222m) 27.07.2019 22:25
Midtre Skagastølstinden (2,284m) 27.07.2019 22:25
Vetle Skagastølstinden (2,340m) 27.07.2019 22:26
Store Skagastølstinden (2,405m) 27.07.2019 22:26
Visits of other PBEs Storen via Skagastølsryggen (1,300m) 27.07.2019 22:25

Innledning
(bablealarm - hopp til neste kapittel om du berre er interessert i turen)
Småbarnsperioden er eit Sahara i det Afrika som er sjølvrealisering. No vil kanskje mange lesarar – og kanskje særlig dei som er i sine fjellfulle før-familie-år, seie at eg kan takke meg sjølv. Ja, det kan eg. Men no er det ein gong slik at ein i tillegg til fjelldrift har både kjønnsdrift og forplantningsdrift, og at desse før eller sidan vil kome i konflikt med kvarandre. For fleirtalet vinn dei to siste, sjølv om det finnast hederlige unntak. Dessutan har Erna sagt at ein treng fleire ungar her på berget, så her er det berre å step it up.

Vel vel, nok av denne blandinga av sjølvmedlidenheit og sjølvrettferdigheit. Den som har vandra gjennom ørkenen ei stund veit at der også finnast oasar. Det er fint, men ørkenvandringas strevsomheit kan ta så på at oaseturen kan verte ei strevsom affære. Å få to ungar relativt på rappen gjer ein tur på storen meir lik ein tur på Gråkallen – med start frå skistua. (huff, no rotar vi oss litt vekk i metaforane her). Det er altså ikkje alltid med liv, lyst og overskot ein kan legge på svøm i oasens avslappande farvatn. Så når kona ein gong på tidligsommaren sa at eg kunne ta meg ein oval soloweekend siste helga i Juli, vart iveren balansert av ein viss resignasjon: det ville antakelig bli regn, eg ville antakelig vere sjuk, og antakelig ville ingen ha tid til å vere med.

Men tankane byrja jo likevel å vandre, og dei vandra raskt, sørover, forbi Lom, opp Bøverdalen, over Sognefjellet, og til Hurrungane. Ja, der eg for 7 år sidan forstod at buldring var ei særs snever klatreform, og at the real shit foregår i stup mellom isbrear.

Eg sende ut forespørslar i det vide og breide, til meir og mindre kjende folk, i håp om napp, og til min forbauselse fekk eg napp hjå Anne, kona til Erlend, som sa at Erlend trengde seg ein tur ut. Eg og Erlend vart raskt einige om Skagastølsryggen, og då var det berre byrje å glede seg. Ettersom tidenes høgtrykksmeldingar tikka inn på mobilen var det berre å glede seg enda meir. Kunne dette faktisk bli? Kva kunne gå gale no?

Vel, då eg låg over doskåla tirsdag kveld og kasta opp så vart eg i alle fall påminna om ein ting som kunne gå gale. Heile onsdag låg eg rett ut, men som den utalitaristen eg er unnlot eg å nevne dette til Erlend – det var jo allerede nok smerte i verden, og eg håpa jo at dette ville gli raskt over. Det gjorde det, men kroppen var ikkje heilt i vater i det vi sette ut frå Trondheim på fredagen.

Det gikk straka vegen til Turtis, berre avbrote av to obligatoriske stopp: VPG og Brimistuggu for litt grillmat av Brimien sjølv. Så var vi på Turt 8. Vi hadde diskutert ein god del korleis vi skulle legge opp turen, sidan det nok var svært mykje folk i fjellet, ingen av oss var i tidenes form, og vi ville ha litt margin på tida i tilfelle rot og rusk. Først tenkte vi å overnatte på tindeklubhytta, men der var det damesamling for å feire 125 år sidan første kvinne på Storen, og dermed smekkfullt. Alternativet var å telte ved hytta, men det vart veldig mykje pikk og pakk, så Erlend sitt forslag om å gå frå turtagrø fredag kveld og overnatte i dunis og bivvysekk på Nordre Skagastølstind ,vart vedtatt.

Hovudet mitt var framleis litt susete av all den mystiske tarmaktiviteten dei siste dagane, så det tok meg litt tid å pakke. Vi var ikkje avgårde før nesten 9, og vart litt stressa på når vi ville nå Nordre. Den første vi gikk oss på var Kristoffer (kristoffergh88) som var på veg ned frå fjellet. I min iver etter å kome meg avgårde var det berre såvidt eg hadde tid til å seie hei.

På veg!
På veg!
Kveldslys over Skagadalen
Kveldslys over Skagadalen

Overnatting på Nordre
Vel vel, så var vi avgårde, og det gikk radig opp bakkane. Vi var på hytta klokka 10, og gikk deretter fin sti til 1582-vatnet, der vi fyllte camelbackane. Deretter den berømte ura opp til Nordre. Litt drygt var det, men greit å finne vardane i tiltakande mørke. Til slutt stod vi ved eit klyveopptak rett under toppen, ved veststupet. Då var det såpass mørkt at vi bestemte oss for å ta kvelden. Der var ein fin bivvyplass, og vi var i sekken klokka 12.

Eg er alltid litt nervøs foran slike turar, og så også no. Men det var flott å sjå på stjernene og skyene som susa forbi. Litt etter litt bles dei vekk nervøsiteten, og då eg vakna i morgenlyset klokka halv 4 var eg berre spenna klar!

Café "Hassel på Nordre" serverer frokostbuffet 03:30-04:30, i dag med varm ravioli og kald kaffi frå våre venner i US army.
Café "Hassel på Nordre" serverer frokostbuffet 03:30-04:30, i dag med varm ravioli og kald kaffi frå våre venner i US army.
På Nordre med traversen foran oss
På Nordre med traversen foran oss

Først ein liten frokost. Eg hadde satsa stort på polarbrød, men desse feila meg skikkelig. Det var nesten umogleg å få ned desse tørre lefsene som heller kunne blitt brukt som tennbrikettar. Heldigvis hadde Erlend raida eit lager med US stridsrasjonar, og han diska opp med ein livsreddande sjølvvarmande ravioli og ein litt mindre sjølvvarmande kaffi. Etter ein slik frokostbuffet gikk klyveopptaket som ein leik.

Traversen
Så var vi i gang med traversen. Det var varmt og godt, og t-skjortevær. Klokka halv 5 stod vi i V-skaret, der eit anna lag var på veg opp. Vi kløyv greit ned og etablerte oss på den litt utsatte standplassen (bedre å racke opp før ein går på standplassen). Her vart det klart at det var ei stund sidan vi hadde vore på klatretur, så etter litt innkøyringsproblem på standplassrutiner var eg i gang med første lengda. Den gjekk rett opp på ganske gode tak, men bratt. Eg runda så overhenget opp på første og minste av dei to hyllene i veggen, og sette standplass der. Ganske bratt til å vere 3+ synest eg. Andre gjekk lenger opp før dei sette standplass, eg er usikker på kva som er riktig. No var det 6 personar i kø bak oss i skaret. Erlend tok over tauet og gjekk til neste hylle. Herifrå var det enkelt opp på Berges Stol.

Nebbet med Centraltind og Styggedalsryggen bak
Nebbet med Centraltind og Styggedalsryggen bak

Etter å ha sett taulaget foran oss slite litt utan tau siste stykket opp til midtre (beskrive som 2erklatring) gjekk vi løpande her. Vi holdt litt til venstre og kom ut på eit ekkelt og svært utsatt sva. Dette var kanskje det vanskeligaste på heile traversen, og ein bør kanskje gå meir rett på.

Vel oppe på Midtre beholdt vi berre tauet på og gjekk løpande vidare. Her fann vi virkelig flyten. Mange går dette utan tau, og fint er det for dei. Det er jo ikkje fysisk vanskelig. For meg med gammal høgdeskrekk har tauet ein tydelig psykisk effekt – kanskje det er eit uttrykk for slavemoralen som strøymer gjennom mi gamle småfolksjel, men når eg er i tauet så berre følger eg det (om det går foran meg), og då tenker eg ikkje på høgda. Slik rusla vi oss bortover egga til vi kom til Halls Hammer.

Alpine saker
Alpine saker

Her tok vi litt lunch medan vi såg på dei perfekte rissa som vi ikkje skulle klatre. Vi skulle purke oss over Patchells sva. Det vart mi oppgåve, og eg strakte mine stive og korte bein fryktlaust over på bankebolten på andre sida. Deretter artig og enkel klatring vidare opp til venstre. Her hadde vi tolka det slik at det var kort til toppen av Vesle Skagastølstind, med ei eksponert toerlengde til toppen. Vi byrja difor å klatre med standplass, noko som var berre tull. Her er det fint å gå heilt til egga sperrast av siste hammaren til toppen av Vesle. Her er den fine og eksponerte toarlengda til toppen rundt høgre hjørne.

På toppen av Vesle møtte vi igjen folk. Vi hadde sett desse her i heile dag, og lurte litt på kva som skjedde her framme. Vi vart møtt av ein meget bestemt herremann som passa på to nervøse damer i tau medan han kommuniserte med to andre nede ved rappellfestet. Var det guida tur, lurte eg? Nei, dette var ein frisk vennegjeng som hadde starta turen frå Turtagrø morgenen før (!), overnatta uplanlagt på ryggen, og no prøvde å kome seg vidare over Storen. Stemninga bar preg av at dette hadde vore ei litt strevsom affære, og tidsbruken ned rappellen viste vel også kvar tida hadde tatt vegen.

Tilbakeblikk frå Vesle
Tilbakeblikk frå Vesle
Meir tilbakeblikk
Meir tilbakeblikk

Vel vel, for oss var det ein sjangse til å ta ei pause, sjå på utsikta, og få litt mat i magen. Vi sat no midt i ein slags skoddejetstraum der skodde frå Slingsbybreen var kasta rett opp over vesle, og nedatt i Skagadalen. Slik er det vel i høgfjellet – facinerande saker. Etter tid og stunder var det vår tur og rappellere, og vi forsvann ned i skodda mot Mohns skar. Her nede traff vi til alt overmål 500fjell, som hadde føringstur til Centraltinden.

Storen
Opp mot Storen fekk vi passere den muntre vennegjengen, og byrja på klyvinga som har vorte beskrive nesten som triviell. Vel, den er jo ikkje klatreteknisk veldig vanskelig, men snublar ein i skolissene sine opp i her så er det det siste ein gjer, for det er til dels ganske utsatt – det er dei dumme feila som drep deg. Vi tok difor på tauet og gikk resten løpande, godt nøgde med det. Vi toppa ut på ein folketom Storen, der vi tok ein god pause og kjende på godstemninga.

Ja, det er 7 år sidan Andreas taua meg opp her ein skoddefull laurdag i September. Ein skikkelig dryg tur der eg for første gang var innbunde i eit taulag og fekk sjå naturlige sikringar i bruk. Før dette hadde eg ikkje særlig peiling på kva dette gikk i, og min far hadde innpoda ei grundig høgdeskrekk, sikkert for å unngå at eg skulle gå meg utfor ein av dei mange høge kantane som Sunnmøre er så velsigna med. Alt dette snudde den dagen. Og no stod eg her etter å ha kravla meg opp sjølv. Stort.

Nesten oppe!
Nesten oppe!
ArmyCorn anyone?
ArmyCorn anyone?
Glad!
Glad!

Turen ned og utmarsj
Vel vel, alt har en ende – også US Army sine Corn Snacks, ein deilig stridssnacks Erlend hadde spart til toppen, ei blanding av peanøtter og Honnikorn. Då var det berre å pakke seg nedover mot rapellankeret. Samtidig kom også taulaga frå damesamlinga opp på fortoppen, og dei peika oss i retning rapellankeret, som var litt lenger nede enn eg hugsa. Vi gikk løpande ned til eit køfritt anker, og rappellerte ned på Hjørnet. Då var vi stort sett av den skarpe delen av turen. Vi tok også rappellen over Svaa, og rusla greit ned stien til Bandet.

Denne utsikta!
Denne utsikta!
På veg til Bandet. Berre å la godkjensla byrje å sige inn
På veg til Bandet. Berre å la godkjensla byrje å sige inn

No hadde temperaturen stige rimelig mykje, og vi vart påminna at landet var inne i ei stram hetebølge. Vi drakk siste dropane frå camelbacken før vi byrja dødsmarsjen ut til hytta. Gitt varmen hadde vi tatt med stegjern men ikkje øks, og det gikk heilt greit. Gjennom ura var det kokhett, men til slutt var vi framme ved hytta klokka halv 7, der vi konsumerte kvar vår øl gøymt i elva, og tok ein times dupp. (Sjølv klara eg ikkje å finne att desse øla i elva, og Erlend måtte tre hjelpande til ein stadig meir desperat og søvnig tindebestigar som rota seg vekk i bekkefaret). Deretter lett gange til Turtagrtø, ankomst klokka 21, ca 24 timar på tur.

Det vart ein litt søvnig køyretur til Lom der Erlend skulle rekke nattbussen til Trondheim klokka 1. Dette innebar litt pyro for å fyre opp multifuelbrennaren på rutebilstasjonen, og forsøk på å drikke ein øl i søvne på Ferdamannen Pub. Deretter gikk Erlend på bussen og eg sovna stille inn på Hotell Opel Astra Lom.

Takk for turen, Erlend! Dette var sannelig greier.

User comments

  • -
    avatar

    Solid!

    Written by SturlaS 31.07.2019 22:27

    Flott tur og kjekt med overnatting på ryggen!

    Som vanlig høy-kvalitets T/R.

    • -
      avatar

      Sv: Solid!

      Written by kobbenes 01.08.2019 12:44

      takk takk, flott tur ja!

  • -
    avatar

    Fin og fornøyelig turrapport

    Written by Affen 30.07.2019 23:31

    fra min drømmetur!

    En vakker dag står kanskje stjerner og planeter på linje for meg også.

    • -
      avatar

      Sv: Fin og fornøyelig turrapp

      Written by kobbenes 31.07.2019 09:02

      Eg håper på stjerner og planetar for deg :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.