Enarsvola (13.04.2019)


Start point Røros hotell
Characteristic Backcountry skiing
Duration 1h 11min
Distance 8.7km
Vertical meters 206m
Map
Ascents Enarsvola (885m) 14.04.2019 05:37

Ankomst Røros for påskeferie med familien og svigers-klanen. Det er mange fine fjell på Røros, men denne påska stod i fellesskapets teikn. Nokon vil seie at mine eigne høgdemeterambisjonar var offerlammet denne påska. Andre vil kanskje seie at eg har sett meg sjølv i denne situasjonen, og små ungar og ein nær og fin familie også har sin sjarm og verdi. Jada. Eg ser den.

Vel vel, nok om det. Rett etter ankomst Røros Hotell opna det seg eit turvindauge. Det måtte handlast kjapt, og eg heiv på meg fjellskia og satte kursen mot næraste raude nål - Enarsvola.

Det starta på preparerte løype, og deretter sette eg kursen beint fram gjennom tundraen med sikte mot mastene på toppen. Der ankom i nydelig ettermiddagslys, klartog fint med utsikt heilt til Rondane. På toppen møtte eg også att den preparerte løypa eg hadde forlatt - så heilt i villmarka var eg tydeligvis ikkje.

Deretter var det strake vegen tilbake til hotellet, før vi vende tilbake dagen etter med heile klanen. Vi vende ikkje tilbake tredje dagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.