Forsøk på klatring på Linesøya (23.02.2019)


Characteristic Climbing
Map
Ascents Linesfjellet (230m) 23.02.2019 not summited
Det er jo kaminteknikk dette, er det ikkje?
Det er jo kaminteknikk dette, er det ikkje?

Trufaste lesarar har kanskje lagt merke til at det har vorte lenger mellom ekstremsporten og tettare mellom pulkturane på Kobbenes sin peakbook-konto. Men denne laurdagenn hadde vi familie på besøk, og det mogleggjorde ein etterlengta turdag for den smått avdanka ekstremsportutøvaren.

Slike sjeldne turdagar har ei viss fallhøgde i seg: kva skal ein bruke den til? Dette er tross alt ekstremt verdifull tid. Brått tar planlegginga slik overhand at sjølve turen kokar opp i kålen.

Men, i dag hadde eg lært av mine feil: målet for dagen var å klatre litt i ei eller anna form. Det var meldt 13 grader på Harbak, så eg lasta padden i bilen og køyrde dit. Eg sende ei melding til Kjetil, som bur på Stokkøya, om han var interessert i å klatre litt. Eg tok med kilesettet i alle tilfelle - vel vitande om at slike tilfelle sjeldan dukkar opp.

Men der eg stod og kika på tørkande stein på Harbak fekk eg svar - Kjetil hadde spotta ein fin kamin Linesøya, der han hadde klatra is to veker før. Det måtte man jo prøve!

Eg plukka opp Kjetil, så køyrde vi til Linesøya. Heilt ut i havgapet, masse hyttebygging, masse rådyr, og veggar som røyser seg rett opp. Dæven så fint!

Litt spenning var det då eg ikkje har klatra kilar sidan 2017 og vi no skulle nyrute. Men eventyrklatring er jo det gjevaste!

Kaminen var diger, og det var racket også. Toppen var blaut, men "heldigvis" var veggen så overhengande at den tid den sorg. Eg klyvde inn i kaminen, fekk sett to gode sikringar, og prøvde så å starte. Psyken glimra med sitt fråvær. Det var overhengande, ingen fotgrep, og eg oppdaga snart at dei gode handgrepa var av svært porøs art. Med situasjonen i heimen (nattevåk og generelt litt sliten stemning) har eit ankelbrudd sjeldan framstått som meir meiningslaust. Det var berre å pelle seg ned att.

Kjetil spotta ei mogleg linje opp høgresida av kaminen, og ville gjere eit forsøk der. Litt skjelven foreslo eg at kanskje han kunne lede? Det kunne han, og han starta med eit 7 meter run på enkelt men vått sva. Deretter gikk farta ned. Sikringar vart sett sporadisk, og stein vart rasa ut med jamne mellomrom. Det er vel kanskje slik proffane gjer nyruting, tenkte eg, og håpa eg tok feil. Eg kom med oppmuntrande tilrop som “Ingen skam og snu!” og “Ikkje noko problem for meg å stikke tilbake og drikke kaffi. Eg har kosa meg bra allerede i dag”. Til slutt stoppa det heilt, og han byrja å sjå meir ned enn opp. Eit snuanker vart montert, mellom anna av ei bombe mikronøtt, og han byrja litt varsom nedklatring.

Vi oppsummerte at vi hadde gitt veggen eit realt forsøk, og at den nok er best for isklatring. Så rusla vi tilbake over svaberga, og køyrde tilbake til Kjetil, der vi drakk kaffi og støta hardt på lenestolsalpinismen – med betydelig større suksess.

Det ser ut som klatring men det er bailing. På bilete kan ein nemlig ikkje sjå om det går opp eller ned.
Det ser ut som klatring men det er bailing. På bilete kan ein nemlig ikkje sjå om det går opp eller ned.

Det finnast andre blomar her i livet enn førstebestigninger. Men ikkje mange.
Det finnast andre blomar her i livet enn førstebestigninger. Men ikkje mange.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.