Haust på Herju (01.09.2018)


Characteristic Trip by foot
Duration 28h 00min
Map
Visits of other PBEs Herjuvatnet (283m) 01.09.2018 10:16

Karma bit deg bak, sa ein vis mann for ikkje så lenge sidan. Han snakka av erfaring.

I August står eg med ei (1) oppføring på PeakBook. Det må vere lavaste månedsoppføringa sidan eg byrja og logge for alvor. På klatregymmen har eg nesten ikkje vist meg heller. Slik er det når ein går og vassar forkjøla mellom to smårollingar i veke etter veke. Host host og atter host.

Det er vel berre ei påminning om at husflytting midt i familieauken, samtidig som ein prøvar å perse på buldring, OG ein spring på joggeturar både her og der, det vil ende med at Karma bit ein bak til slutt.

No er forma bedre, og ein rolig hyttetur gjorde berre godt. God stemning i heile familien - rjømegraut til middag, skogen full av kantarell, blikk stille på vatnet og nesten 20 grader. Meisen la vi att heime, for Eskil går liksågodt sjølv. Slik har det blitt.

Et ein desse blir ein rar i kroppen, meiner Eskil
Et ein desse blir ein rar i kroppen, meiner Eskil

User comments

  • -
    avatar

    Sopp

    Written by BjørnF 04.09.2018 08:22

    Du må høre på Eskil, det der er ikke kantarell! Fin gammel pram, skikkelig gammel? En rotur på blikkstille vann gir ro i sjela.

    • -
      avatar

      Sv: Sopp

      Written by kobbenes 04.09.2018 08:37

      haha, det er i så fall magisk kantarell!

      veit ikkje kor gammal den prammen er, svigerfar fekk den vel på kjøpet då han kjøpte hytta for 30 år sidan. hausten gir ro og ettertanke, så det er godt!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.