Nausdalskamchenjunga (01.08.2018)


Characteristic Hillwalk
Duration 3h 06min
Distance 4.2km
Vertical meters 293m
GPS
Ascents Naustdalskammen (493m) 01.08.2018 14:40

Familieutflukt til Nausdalskamben med tre generasjonar Starheim. Vi var interesserte i å sjå den nye dagsturhytta som er bygd på toppen. Nydelig vær i dag, eit par-og-tjue og overskya. Eskil hadde los for toppen og gikk heile vegen så nær som dei første par hundre metera. Underteikna hadde vore litt skeptisk til vitsen med å bygge ei hytte på Nausdalskamben, men den var skikkelig fin. Vi sat ei stund og kika på fjell ut vindauget, og i bøker frå det rikholdige utvalet; åt kjeks og nøttemiks. Så sprang vi nedatt. Vil faktisk seie at dette løfta Nausdalskamben som turmål eit par hakk!

På ei av dei meir alpine passasjene.
På ei av dei meir alpine passasjene.
Utsikt til Eid
Utsikt til Eid

Eg tok ingen bilete av hytta, så den får de sjå føre dykk i dykkar indre. Men fantasien gir jo ofte dei flottaste bileta, seiast det.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.