Smørskredtindane - sunnmørsalpane sin indrefilet (30.07.2018)  6


Start point Rødsetstøylen
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 00min
Distance 12.0km
Vertical meters 1,400m
Map
Ascents Store Smørskredtinden (1,630m) 30.07.2018 17:02
Nordre Smørskredtinden (1,608m) 30.07.2018 17:02

I desse travle tider med reproduksjon og greier er tindelivet mitt under eit visst press. Men, eg og Kroksleiven har likevel som mål og få gjennomført minst ein fellestur kvar sommar. Det er mange krav ute og går: toppen bør vere innan rimelig køyredistanse, helst vere ein topp Kroksleiven ikkje har bestige før, og inneha kvalitetar som billedskjønn, fin utsikt, spennande tur, og sexy primærfaktor. Når utgangspunktet er Norfjord, så er det faktisk framleis mykje og ta av!

Årets mål vart allereide utpeikt i fjord sommar: Smørskredtindane. Ein kan seie mykje om Smørskredtindane, men det viktigaste er omtrent dette: då eg i startgropa av mi tindekarriere nådde toppunktet på Slogen i 2007, såg eg rett på Smørskredtindane. Det første eg tenkte var: “Kvifor er eg her og ikkje der?”. Av ein eller annan mystisk grunn, som kanskje finnast i dei svakare sidene av menneskesinnet, har Slogen klara å overskygge sin store nabo, Smørskredtindane. Dette til tross for at dei er ein god slump høgare, har ei flott tindeform sett frå Norangsdalen, og attpåtil er TO kremtoppar. Pf på Store er vel 1300 meter, og toppegga nåast gjennom artig klyving. Treng ein og seie meir?

Mandagen peika seg ut som turdag, med fint vær, barnevakter klar, og hoslåtta ferdiggjort. Dagen før oppdaga eg tilfeldigvis på Insta at det Surnadalske høgdemeteresset TopGun hadde vore på Slogen same dag. Eg nevnte at vi skulle på Smørskredtindane dagen etter. Ho slukte åtet, og dagen etter møtte vi Gunn og Nora ved brua ved Rødset, saman med Arve Dyb som dei hadde avtalt tur med denne dagen.

Vi planla og gå frå Rødsetstøylen i Strandamoldskreddalen. Dette gjer etter sigende returen frå Nordre litt meir kurant. Vi hadde avgang frå sætra ca klokka 10, og det var fin sti innover Tverrdalen. Vi tok så av oppover kring bekkane som kjem ned frå breen mellom Store og Nordre, og kom inn på flanken aust for Allskredhornet. Her kom høgdemetrane raskt, og dette tykte eg var det hardaste partiet på turen for min del, bratt li på på sand og småstein.

Godt driv inn Tverrdalen
Godt driv inn Tverrdalen
I grasbakkane mot Store
I grasbakkane mot Store

Deretter stod vi under renna til Store. Her er det ei morene på høgresida av renna (sett nedanfrå). Denne har eit tydelig trakk som ein føl opp til den vesle ryggen til høgre for renna – litt klyving på ryggen. Litt klyving etter vardar på ryggen, før ein går inn i den store renna til venstre der det er enkelt å gå inn. Denne staden er også tydelig varda - eit lite utsprang før det blir bratt, og det skal ikkje vere noko vanskelig om ein går rett. Om ein då ikkje vel Kroksleiven sitt alternativ, som byd på meir alpine utfordringar. Kryss renna på sva, det skal vere greit på tørt føre. Deretter er det varda trakk på venstresida av renna, kjekk og uproblematisk klyving heilt til topps. Kik over kanten på den fantastiske utsikta, og “ohoi”, du er på toppen av Dronninga av Sunmørsalpane.

Eit stykke opp i renna mot Store
Eit stykke opp i renna mot Store
Kroksleiven og toppegga
Kroksleiven og toppegga

Vi sat her ei stund og kika på utsikta. God stemning, sjølv om vinden var litt kald. Fleire i turlaget hadde bileteseansar for oppdatering av sosiale medier – underteikna inkludert. Dette tok sjølvsagt litt tid, men slik er dagens tindeliv.

Vi tok deretter returen ned renna, og sette nasen mot nordre. Etter tips frå Yo rusla vi ned morena ved breen, og svaberga på nedsida av breen, Her var det veldig greit å gå. Deretter litt rutefundering opp svaa mot nordre. Dei er ikkje så bratte som dei ser ut. Ser ein dei nedanifrå er det to “hyller” som går på tvers av svaa. Her er det enkelt å kome seg bort mot ura til høgre. Sjølve ura er laus, så vi ville gå så langt opp vi kunne for å unngå denne, og valde den øvste hylla. Men nederste hylle er nok enklare. Deretter inn i ura, og enkelt til skaret aust for Nordre. Deretter fulgte vi egga eit stykke, før urtrasking siste stykket til topps.

Nedatt frå Store med neste mål bak
Nedatt frå Store med neste mål bak
På svada under breen
På svada under breen
TopGun og Kroksleiven opp svada mot Nordre. Store bak
TopGun og Kroksleiven opp svada mot Nordre. Store bak
Egga mot Nordre - framleis godt driv.
Egga mot Nordre - framleis godt driv.

På toppen av Nordre var det bortimot like fint som på Store, og ingen sur vind, så her vart det ei lenger pause. Repetisjon av fotosessions, og fundering på neste års turmål. Det var generell einingheit i gruppa om at dette teikna til å bli ein knalltur.

Gjengen på Nordre
Gjengen på Nordre

Deretter gikk vi fonna forbi 1436-punktet, og tok flanken under 1322-punktet nedover mot Tverrdalen. Dette var eit veldig greit alternativ, og vi kunne gå på grasbakkar stort sett heile vegen ned. Tilbake til bilen klokka 16 etter 6 timar på tur.

Skruvane og Norangsdalen
Skruvane og Norangsdalen
No har vi mobba Slogen litt, men den er fin den også, altså.
No har vi mobba Slogen litt, men den er fin den også, altså.

Dette var utan tvil ein knalltur på ein av dei virkelig flottaste toppane i Sunmørsalpane, og i veldig kjekt turfølge!

Takk for turen!

Og då eg kom heim var det pinade rjømegraut! Hadde eg ikkje drukke halvannan liter sjokomelk på veg heim så hadde eg ete enda meir!
Og då eg kom heim var det pinade rjømegraut! Hadde eg ikkje drukke halvannan liter sjokomelk på veg heim så hadde eg ete enda meir!

User comments

  • -
    avatar

    Fineste tinden på Sunnmøre!

    Written by Øyvindbr 05.08.2018 19:45

    Kanskje litt i konkurranse med Brekketinden, men jeg nevner alltid Smørskredtinden først, så da er det nok den jeg synes er finest selv om etternavnet mitt skulle tilsi at Brekketinden kommer først...

    Slogen er fin nok den, men jeg skjønte heller aldri hvorfor Randers tilsynelatende ikke la merke til dens tøffere nabo. Et sted skrev han riktignok at sett fra et sted jeg ikke helt husker så "gjør den selv Slogen rangen stridig..." Det er vel heller rett å si at fra Jakta så er det Slogen som med sin spisse form prøver å gjøre Alpetinden Smørskredtind rangen stridig etter beste evne uten helt å lykkes, til det er Smørskred for flott!

    Håper det blir min tur snart...:)

    • -
      avatar

      Sv: Fineste tinden på Sunnmø

      Written by kobbenes 06.08.2018 09:01

      Einig med deg i bestridinga av Randers vurderingar. No må det seiast at Slogen er fin den, men eg synest den har blitt hypa litt i forhold til Smørskredtindane. Slik sett skulle eg vel ikkje prata ned Slogen med prata opp Smørskred. Vel vel..

      Brekketindane står meget høgt på lista over turmål, og denne har jo også nokre svært pirrane element, som bre og tausikring, som eg trur vil drage opp turfinheita. Gledar meg svært!

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by TopGun 04.08.2018 14:24

    O-HOI... :) Effektiv & suveren tur på alle vis. Meget fornøyd over valget vårt og at vi fikk anledning til å være med dere på denne flotte toppturen :)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 04.08.2018 18:37

      ja dette var både effektivt og hyggelig! då kan ein ikkje be om meir. takk for turen :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.