Nedalshytta med familyen (30.06.2018)


Characteristic Other trip
Map
Visits of other PBEs Nedalshytta (780m) 30.06.2018

Fin helg på Nedalshytta med familyen. Målet var å kose seg mest mogleg i det fine høgfjellsmiljøet, ikkje mase om peakbook-element, og gjere seg litt kjent med omgivnadane rundt hytta.

Allerede første dag baud på høgdepunkt då eit redningshelikopter landa på tunet. Mannskapet brukte to timar på å ete ferdig vafla si i finværet, så alle ungane og nokre voksne fekk tatt bilete i helikopteret!

Oi!
Oi!
Artig for heile familien!
Artig for heile familien!
Ai ai!
Ai ai!

Andre dagen vart det tid til ei lita utflukt langs stien mot Sylstasjonen. Vi satsa på kvalitet heller enn kvantitet, og åt nista vår eit par hundre meter frå hytta og prøvde og ikkje bli etne opp av klegg. Mykje å sjå på bortetter her. Både Eskil, og Kona kosa seg. Olina kosa seg også, i den grad søvn er eit uttrykk for kos. Og det er det jo for denne aldersgruppa.

Stor stas! Vel tilbake kjøpte vi rømmegraut - meget god, og syløl - veldig god, mykje bedre enn Forolhogn-øla.

Tur!
Tur!
Og litt avslapping
Og litt avslapping

Til middag var det også rømmegraut. Og eg er jo veldig glad i rømegraut. Svensken på sida var ikkje så begeistra. Eg likar ikkje den der silda heller...

På kvelden tok eg meg ein joggetur over på svensk side, og var heilt heilt stille eit kvarters tid. Det var også deilig.

Svenskegrensa. Kvar er systembolaget?
Svenskegrensa. Kvar er systembolaget?
Mittnoregs høgste grensefjell - Storsylen
Mittnoregs høgste grensefjell - Storsylen

Mandagen var det avreise, med ein liten stopp på badestranda på Stuggusjøen. Eg syntest det var kaldt, men Eskil bada - den tøffingen.

Alt i alt ei fin helg på flott hytte med fint vær, hyggelig betjening, nok leiker til å holde junior oppteken, og finfin stemning også for minstejenta, som endelig har kome seg over tregrensa.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.