Forolhogna og Grøthaugen frå Budalen (29.06.2018)


Start point Bakksætra (755m)
Endpoint Bakksætra
Characteristic Jogging
Duration 3h 00min
Distance 18.0km
Vertical meters 900m
Map
Ascents Grøthaugen (1,241m) 29.06.2018 14:09
Storsalen (1,171m) 29.06.2018 14:09
Forollhogna (1,332m) 29.06.2018 14:09
Visits of other PBEs Forollhogna Parkering (755m) 29.06.2018 14:09
Forellhogna - sti fra nordvest (760m) 29.06.2018 14:09

Eg hadde bestemt meg for avspasering og fjellgåing i dag, men værmeldingane var mildt sagt blanda. Det skulle vere finast på ytre nordmøre, men tankane mine vandra til indre strøk. Då eg køyrde over Tillermyra og såg antydning til opplett over Gauldalen holdt eg meg på E6'en den straakaste veg mot Budalen og Forolhogna.

Forolhogna ja. Denne har eg hatt lyst på lenge. Pirrande Pf, relativt nær Trondheim, kan angripast frå Budalen - ein skikkelig trøndersk avkrok, og ein flott nasjonalpark med både fjellrev og villrein. Nydelig utsikt. Mykje er på plass. Kvifor har eg ikkje vore på Forolhogna før? Ja, det spørsmålet kan ein stille om mange ting her i livet.

På vegen opp passerte eg ein veldig stor budalsstol. Eg var altså på riktig veg. I Selbu har dei, som seg hør og bør, ein stor vått. Men no var vi altså i Budalen. Budalen er riktig facinerande der den ligg her høgt oppe i dei trønderske våttane (ikkje slik ein har på handa, som i Selbu), med gardsbruk på gardsbruk stadig nærare tregrensa. Parkerte på den fine støylen, og la i veg opp flott og open bjørkeskog med så mange geiter - dingelingelingeling. Idylliske saker.

Bjørkeskogen
Bjørkeskogen

Kom etter kvart over tregrensa der det flata ut. Her var det berre å legge på sprang innover. Skiftande vær, med til dels sluddbyger, men også opplett og sol. Nydelig høgfjellslandskap og fin sti! Toppen hadde eg ikkje i sikte i det heile, men alt for langt skulle det ikkje vere. Eg kom etter kvart over på den fine nordryggen, og då var det ikkje lenge før eg var oppe.

Tilbakeblikk mot Budalen
Tilbakeblikk mot Budalen
Mot toppen i skiftande skydekke. Ikkje så skiftande på toppen då. Der var det rimelig fast
Mot toppen i skiftande skydekke. Ikkje så skiftande på toppen då. Der var det rimelig fast

På toppen var det direkte ufyselig. Ingen sikt og liten kuling. Rett over frysepunktet. Eg stor i ly av varden og venta på eit brot i skyene. Det kom ikkje, så eg sprang nedatt. Tok ein avstikkar oppom Storsalen. På toppen låg det restar etter diverse smågnagarar, så rovfuglane har tydeligvis hatt eit godt år.

Her er det koselig
Her er det koselig
Forolhogna er kjent for si flotte utsikt.
Forolhogna er kjent for si flotte utsikt.

Det var enda tidlig på dag, og eg såg bort på Grøthaugen. Eg tar den også. Ned til Grønlibekken, og deretter inn på stien som passerar Håmmårtjønna. Braut rett vest der stien er på det høgste, derifrå lett til Grøthaugen. Her vart eg møtt av enda ei rimelig ufyselig byge, så ingen utsikt her heller diverre. Deretter strake vegen ned til kvilesteinane. Vil ein berre gå på Grøthaugen kan ein gå rett opp lia frå Kvilesteinane, og kome inn på eit dyretrakk her. Dette kan følgast eit stykke mot toppen.

Grøthaugen i trøndersk sommarvær
Grøthaugen i trøndersk sommarvær
Friskt og fint
Friskt og fint

Tilbake til bilen i god tid, og stakk tilogmed innom Budalen Museum (eller noko slikt) på leit etter tradisjonell budalsmat, som forhåpentligvis hadde rikelig med rømme. Det fann eg ikkje, men her var fleire fine gamle hus, og endatil nokon jernovnar frå gammal tid. Det har vore utvunne jern i Budalen i 2000 år. Tenke seg til, at dei hadde funne Budalen for allereide 2000 år sidan. Det må ha vore den tidas Boven eller JoSo som gikk seg på den (all laften kan tyde på det siste?). Eller Kroksleiven som prøvde å gøyme seg for folk? Vel, slik kan fantasien gå medan ein køyrer E6 den straakaste veg....

Her har dei hengt i med laftinga
Her har dei hengt i med laftinga
Men dette altså - KORIANDER? Koriander har for det første ingen plass i skikkelig øl, og i særdelesheit ikkje i ein øl som skal fange stemninga i Forolhogna nasjonalpark! Kva med ein frisk men kraftig pilsner, som hadde fanga stemninga i den opne og mektige naturen, og passa bra til lokal ørret, eller som forfriskning etter ein lang dag i fjellet? Koriander???
Men dette altså - KORIANDER? Koriander har for det første ingen plass i skikkelig øl, og i særdelesheit ikkje i ein øl som skal fange stemninga i Forolhogna nasjonalpark! Kva med ein frisk men kraftig pilsner, som hadde fanga stemninga i den opne og mektige naturen, og passa bra til lokal ørret, eller som forfriskning etter ein lang dag i fjellet? Koriander???

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.