Puss puss puss - nyruting på Spranget (20.06.2018)


Characteristic Climbing
Vertical meters 400m
Map
Visits of other PBEs St. Olavsspranget (200m) 20.06.2018
St. Olavsspranget fra Bynesveien (100m) 20.06.2018
St. Olavsspranget klatrefelt (200m) 20.06.2018

I dag hadde eg tenkt å avspasere for litt friluftsliv, og sidan det var ruskete vær på fjellet tok eg med stålbørste, sag og brekkjern for å pusse fram nokon nye klatrelinjer på Spranget. Eg byrja på ei fin risslinje til venstre for dei vi pussa i haust. Koselig i veggen, og det vart ei fin og velsikra rute som klokka inn på kanskje 5+ eller 6-. Ser fram til å lede denne!

Eg sjekka også ut eit fint dieder på veggen under utkikksplattformen. Denne veggen er ikkje så rein som den andre. Diederet klatra veldig fint, men litt vanskeligare å sikre enn eg hadde håpa, og ingen openbar standplass på toppen. Vi får sjå kva som kjem ut av det.

I alle fall, no har vi 5 rissruter av finfin kvalitet rett i nærleiken av byen, og det er meir å ta av for den som gidd og pusse :-)

Tilbake til bilen og klar for å køyre innom barhehagen oppdaga eg at bilnøklen hadde ramla ut av sekken. Hipp hurra. Ein telefon heim til kona for å melde at ho måtte ta med seg babyen og gå på barnehagen - det tok ho med fatning, før eg sprang opp og leita. Eg fann ingen nøkkel. Sekken hadde vore på ryggen under heile pussinga då saga og brekkjernet låg i, så nøkkelen hadde nok havna i gaupeterrenget under ruta. Så då vart det buss tilbake til Lerkendal. Utakk er verdens lønn.

Ny rute: Olinalinja (5+?).
Ny rute: Olinalinja (5+?).
Fint i veggen!
Fint i veggen!
Dieder.
Dieder.

User comments

  • -
    avatar

    Flott rute

    Written by sverf 04.07.2018 22:39

    Gode beskrivelser gjorde at vi tok turen til spranget i dag og prøvde ut litt. Gikk in utero og olinalinja, og likte veldig godt den siste! Flott rute, lett sikret, vil kanskje si den er 5 eller kanskje 5+. Bra jobba med pussing, artig med nye ruter!

    • -
      avatar

      Sv: Flott rute

      Written by kobbenes 04.07.2018 22:42

      så bra! linjene er oftare litt enklare enn dei kjennest ut ved første gjennomkøyring! sjå ikkje vekk frå at du har fått første fribestigning av Olinalinja :-)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Flott rute

        Written by sverf 04.07.2018 22:55
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.