Ytre Sula (31.03.2018)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 30min
Distance 10.0km
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Ytre Sula (1,318m) 31.03.2018

Med pregnant kone og toåring i hus har det vore bypåske dette året. Men i dag skulle eg lufte meg litt, så eg og Andreas byrja straks og legge planar. Ytre Sula skal jo vere eit så fint skifjell, og dessutan ein skikkelig signaltopp som synest frå både her og der. Vi går for den!

Arve vart også med frå Trondheim. Olav, som var på påskeferie på Nesset, hoppa også i bilen. Han møtte vi på parkeringa ved forsamlingshuset. Vi såg kjapt på eit skilt som advarte mot dårlig føre for piggfrie tohjulsdrifta bilar, før vi føysa det vekk. Haha, det gjeld jo ikkje våre piggfrie tohjulsdrifta bilar!

Andreas hadde god fart på volvoen oppover bakkane, med meg hakk i hæl. Så når han stoppa i siste bakken var det ikkje anna å gjere enn å stoppe sjølv også. Vi prøvde oss på diverse rallycrossmanøvrar utan hell. Andreas hadde sett ReadyPlayerOne kvelden før, og satsa på at rygging skulle ta han til neste nivå, men dengang ei. Til slutt parkerte vi og tok skia fatt i staden.

Vel vel, man seier jo ikkje nei til ekstra høgdemeter. Men rett etter start byrja skistopparen min å løyse seg ut. Kunne vi klare å tangere suksessen frå Sandhornet?. Fjols-til-fjells-stemninga var påtrengande.

Arve og Andreas køyrde på vidare, og eg sa dei berre kunne gå. Eg fekk etter litt makking stramma opp skistopparen med bukseselane.

Galleriet
Galleriet
Gullrekka
Gullrekka

Det var knallhard skare, så lett og gå, men litt tungt når det vart traversering. Vegen opp var ikkje heilt intuitiv, så fint at vi hadde med Arve som hadde gått her før. Vi hadde så klart skredfaren i bakhovudet, men med unntak av galleriet som var i utløpssona av nokre hamrar lenger oppe så var det greit. Utsikta over gullrekka i Todalen vart etter kvart latterlig fin, og sjølv om føret ikkje var det beste, så var himmelen blå og livet godt!

No vil eg heim og sjå på Tande P!
No vil eg heim og sjå på Tande P!

Rett før toppen møtte vi Andreas og Arve på veg nedatt, dei hadde hatt veldig veeeldig god tid på toppen, men no ville dei tydeligvis heim og sjå på TV og drikke øl.

På toppen naut vi den råe utsikta. Olav serverte handbrygga kaffi frå det etiopiske høgland, som seg hør og bør nytast nokre høgdemeter over havnivå. Etioperane bevegar seg som kjent sjeldan mindre enn 5000 meter i slengen, så dette skulle borge bra for beina.

Olav på toppen, med Trolla over skuldra på høgre side.
Olav på toppen, med Trolla over skuldra på høgre side.
Fjord og fjell!
Fjord og fjell!

Vi kika også bort på Indre Sula. Om det er ein einaste ting som kan kritiserast med Ytre Sula, så er det at den er hakket lavare enn Indre Sula, noko som forringar primærfaktoren betydelig. Indre Sula såg veldig fin ut, men med dagens skredfare hadde vi ikkje tatt med utstyr for traversen dit. Men det noterast på blokka!

Indre Sula er knallfin!
Indre Sula er knallfin!

Nedatt var prioriteten å holde seg på beina heller enn lekre svingar. Det var stort sett skare, og der sola hadde tatt litt så var det gjennomslagspapp. Men vi kom oss greit ned, og var tilbake til bilen etter 4,5 timar på tur.

Takk for turen, Andreas, Arve og Olav!

Ytre Sula tar seg bra ut frå fergekaia på Kvanne
Ytre Sula tar seg bra ut frå fergekaia på Kvanne

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 01.04.2018 21:00

    Pregnant kone altså, gratulerer så masse :-) Som vanlig en nytelse å lese dine velformulerte rapporter :-) Indre Sula er så klart en høydare ! Den bagger du neste gang ;-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 01.04.2018 22:04

      Takk takk, vi gledar oss! Etter å ha lest Ove sin rapport frå Indre så la vi den frå oss i dag, men neste gong :-) Ser ut som de nyt den fine vinteren max i Nordfjord, dette er første gong på årevis at det ikkje vart nordfjord-påske, men vi kjem sterkt tilbake (om Eskil og lisjejenta skal ha sjangs til å ta att Vinjar på eidalista)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.