Til Nirvana og tilbake (14.03.2018)


Characteristic Ice climbing
Map
Ascents Omnfjellvarden (846m) 14.03.2018
Visits of other PBEs Midgardsfossen (265m) 14.03.2018
Midgarden P-lomme (120m) 14.03.2018

Nirvana er en ideell tilstand av ro, harmoni, fred, stabilitet eller glede; det som helt av seg selv er når uro, ufred, forvirring og lidelse opphører. - Wikipedia

I følge hinduistisk religion det ultimate målet og nå nirvana. Det var også målet vårt i dag.

Nirvana er ei relativt lang linje i Snillfjord, 4 solide taulengder med vedvarande firerklatring. Den er berre inne kvart jubelår, og med Søviknes bak spakane i Olje-og-Energidepartementet kan det bli lenge til neste gong. Den har vore inne i heile vinter, men grunna etc etc etc så har vi ikkje kome oss avgårde for å teste den. Heilt på tampen av sesongen rydda eg og Arve ein dag midt i veka. Sola har byrja å ta i trøndelagen, men isen har jo vore tjukk denne vinteren. Vi tok med ski som plan B.

Det mest moralske ein hinduist kan gjere er likevel ikkje å gå i Nirvana. Det er å sjå inn i Nirvana for så å vende til almuen for å spre deg glade bodskap. Dette var veldig viktig for oss i dag.

Eit blikk frå parkeringa fortalde oss at jaja, dette må vi prøve på. Etter basking gjennom snø, granskau, ur i det som kjendest ut som ei hinduistisk oppstigning, stod vi ved botnen på isen. Det såg jo ikkje så langt ut, men is har ein tendens til å forvrenge perspektiva. Lyset var intenst!

Sjekk den klatrebare isen!
Sjekk den klatrebare isen!

Eg starta oppover. Det var litt vanskelig å vite kva som var beste linja, og det vart litt fram og tilbake. Isen virka ikkje heilt topp, og det var mykje jobb å få gode økser og bein. Det bratna også bra til, og eg syntest ikkje forholda og oppdrifta var heilt topp.

Opp her! Yes!
Opp her! Yes!

Etter nokre meter med bratt klatring klippa eg meg inn på ein skrue. Dette var ikkje kult. Eg kunne skyte ei kvit pil etter ro, harmoni, stabilitet og fred. 150 meter til med dette minna meir uro, ufred, forvirring og lidelse. Arve firte meg ned, topptaua opp og renska skruane. Vi var begge einige om at dette ikkje var klatrebart, så vi returnerte ned dei ulike hinduistiske nivåa tilbake til bilen.

Nei nei, redd!
Nei nei, redd!
Haha, drit i den drittisen!
Haha, drit i den drittisen!
Utsikta var upåklagelig!
Utsikta var upåklagelig!

Vi køyrde så til Omfjellet, der vi tok ein tur på Omnfjellvarden i staden. 24 karat utsikt og vindstille. Yes.

Isklatring, nei altså det gidd vi ikkje...
Isklatring, nei altså det gidd vi ikkje...
Billige isøkser på Finn!
Billige isøkser på Finn!

User comments

  • -
    avatar

    Artig

    Written by kristoffergh88 02.04.2018 15:59

    Hahah dette var artig lesing! Du skriver bra

    • -
      avatar

      Sv: Artig

      Written by kobbenes 02.04.2018 19:19

      takk takk. når ein ikkje toppen så kan ein likevel nå bloggtoppen.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.