Bail på Tilleråsen (08.03.2018)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Tilleråsen isklatring (185m) 08.03.2018

Med denne fine isvinteren er det jo ei skam om ein ikkje får prøve seg på nokon av dei finaste islinjene i Trondheim, nemlig Tilleråsen. Men det har vore omtrent umogleg å oppdrive tid og folk, så i dag beslutta eg og Pål Christian og ta ei kveldsøkt.

Eg var innstilt på kos i dag - prøve på den meir moderate linja "Den til høyre" (WI3+/4), men her var det berre 3-4 cm is på svaet. Så då vart det å gå over på "Den til venstre" (WI4). Denne var tynnare enn då vi var her for 2 år sidan, og difor også brattare. Men rikelig med is.

Eg byrja opp det bratte start-partiet, og merka kjapt at dette ikkje var kremforhold. Isen var stålhard og sprø, og det tok 5-6 øksesving for å få gode plasseringar, alt med heftig utsprenging av is.

Etter 10 meter merka eg at det ikkje var dagen for slik klatring. Vidare var det 3-4 meter med nesten loddrett is. Dette var ikkje gøy - eg ville ned. Men abalakov-kroken som eg alltid har med men aldri har brukt låg no - tata - i sekken.

Eg forankra meg i to skruar, Pål henta kroken og eg heisa den opp, skrudde raskt ein abalakov, og rappellerte av. Det var både enkelt og lettvint. Så har vi i alle fall prøvd det.

God følelse tilbake i bilen. Isklatring er risikabelt - ein må somme tider kjenne at ein evnar å snu.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.